Venstremandatet glapp med minst mogleg margin!

Kommunevalet endte med uflaks for Birkenes Venstre. Med 47 stemmer, 2,3%% og ein minus på berre 4 stemmer sidan kommunevalet i 2003 gir eit kommunestyre utan Venstremedlem i komande fireårsperiode. . Det mangla den aller siste mobiliseringa som kunne sikra det mandatet alle i Birkenes uansett partifarge venta at Venstre ville ta. Fylkestingsvalet gjekk betre, med 54 stemmer, 3,0% og ein tilbakegang på fattige 3 stemmer frå 2003.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Venstre Logo Hamarøy Framtid Pike Optimist Sjarm Jente

Foto: ukjent

I stortingsvalet i 2005 var det 128 Venstrestemmer i Birkenes, og heile 5,4% av stemmene.

Årets kommuneval i Birkenes bryt med resultata i så godt som alle andre Aust-Agderkommunar, der resultatet blei 6,6% til fylkestingsvalet, og kommuneresultat på 16,2% i Grimstad, 14,4% i Iveland, 13,9% i Risør, 15,2% på fellesliste med Høgre i Bygland og stor framgang både i Tvedestrand og Arendal. Lillesand Venstre med 8% får Tor Audun Danielsen som varaordførar.

Konklusjonen er at det er mange Venstreveljarar i Birkenes som gjerne vil ha eit sterkt Venstre, og så skal vi gjenreise kommunepartiet slik at Venstre er på plass igjen i Birkenes kommunestyre frå 2011.

Ta kontakt med Svein Erik Jahnsen, Anne Karin Hetland eller fylkessekretær Andreas Koch.

Velkomen i Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**