Avgjerder i lukka rom?

I etterkant av valet på Voss har det vore ein liten debatt i lokalavisa “Hordaland” om det raudgrøne fleirtalet har lagt opp til avgjerder i “lukka rom”. Også redaktøren i avisa har følgt opp saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Ap, Sp og SV har eit klart fleirtal i kommunestyret i Voss , 27 av 43. Lokalavisa “Hordaland” for 22.sept. fortel så om ferdige forhandlingar desse 3 partia i mellom, med semje om ordførar og varaordførar, om fordeling av leiar og nestleiarverv i dei viktigaste utvala, og at eit felles politisk program er vedtatt. Formuleringane var slik at no var det meste avgjort – også for perioden framover.

Etter inititativ frå Venstre kom så gruppeleiarane frå dei andre partia med representantar i kommunestyret med eit lesarinnlegg 25.sept., der vi spurde kvar kommunestyret var blitt av, samanlikna med formuleringar i deira partiprogram om “samarbeid”, og uttrykte bekymring for den opne debatten i framtida.

Gruppeleiarane for dei raudgrøne partia kom så med eit tilsvar, der dei – i tillegg til noko utanomprat og eit par sleivspark – kom med utsegner om at m.a. open debatt i kommunestyret skulle det også bli i framtida. Vårt tilsvar, den 30. sept., blei som følgjer:

Avgjerder i lukka rom??
Gruppeleiarane i Ap, Sp og SV i Voss har i "Hordaland" 27.sept. eit svar til vårt innlegg i Hordaland 24.sept.. Med bakgrunn i kva avisa refererte frå deira forhandlingsmøte og —avtale, uttrykte vi 24. sept. spørsmålsteikn og bekymring for i kva grad det vidare arbeidet i kommunestyre og utval. ville bli prega av avgjerder ved dei 3 fleirtalspartia i "lukka rom". Vi uttrykte derfor von om at arbeidet ville bli "prega av openheit for og samarbeid om innspel og forslag frå alle parti — og frå bygda elles".

Det er derfor godt at dei 3 gruppeleiarane no slår fast at "Dei politiske utvala og kommunestyret er opne politiske verkstader og fora der alle kan delta.", og at "Det er ingen grunn til å bekymra seg for samarbeidsklimaet i det nye kommunestyret.".

Men vi er noko overraska over at dei 3 gruppeleiarane brukar mange ord om fordelinga på partia av tal representantar i hovudutvala, og opplyser at "matematikken rår" her. Vi reiste nemleg ikkje spørsmål ved dette. Derimot nemnde vi at det er ganske vanleg at eit mindretal i kommunestyret f.eks. kan ha ein nestleiar i eit utval der fleirtalet har leiaren – noko fleirtalspartia i Voss ikkje legg opp til. Dette kommenterer gruppeleiarane i Ap, Sp og Sv ikkje i det heile!

Vi ser fram til opne haldningar, gode innspel, friske diskusjonar og godt samarbeid, dvs eit levande lokaldemokrati!
Torstein Gunnarson, Venstre, Frode Horvik, Høgre, Arne Mossefinn, Kristeleg folkeparti, Leif Ribe Hjeltnes, Framstegspartiet, Bjarte Kaldestad, Raud Valallianse
…………………………..
Redaktøren i “Hordaland” kommenterte saka i same avisa, og oppfordra m.a. “opposisjonen” om å bidra til at kommunestyret blei eit meir aktivt politisk organ i tida framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**