Hurra for Hjørdis!

Hjørdis Andersen Øiestad har løpt New York Maraton på imponerande 3 timar og 17 minutt og noen få sekund. Det har kvalifisert til ei linje heilt i slutten av Agderpostens omtale av New York Maraton. Resten av oppslaget handlar om ein annan lokal maratonløpar, som også gjorde det veldig bra. Ho brukte 50 minutt meir enn Hjørdis på distansen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Men sidan ho er gift med ein som av velfortente grunnar har eit kjent ansikt, er det ho som får all omtalen. Eg vil tru at også ektemannen synest det er noe beklemmande å bli avbilda over fleire spalter fordi kona har løpt 50 minutt saktare enn venninna si. La oss få sjå eit bilde av Hjørdis Andersen Øiestad, så ho også får velfortent ære for den imponerande innsatsen i New York. Gratulerer med innsatsen, Hjørdis!

Eit spørsmål til sportsredaksjonen i Agderposten: Det er vel ein større prestasjon å løpe fortast enn å vere gift med ein heidersmann som har eit kjent ansikt (og ein av dei sprekaste kroppane i verda)?

Med vennleg helsing

Jan Kløvstad
dessverre ikkje maraton-løpar
9. november

—-
16. november:

Hjørdis Andersen Øiestad

Foto: Jan Kløvstad

Og sidan Agderposten ennå ikkje har vist bilde av maratonløpar Hjørdis Andersen Øiestad, har vi funne fram til Hjørdis og tatt bildet sjølv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**