Info.brev pr. 1. des. 07

Voss Venstre tar sikte på å koma med eit månadleg nyhendebrev til medlemmer og sympatisørar. Det vil gå ut på E-post, men blir også lagt ut på heimesida. Første brevet kom no i byrjinga av desember.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


04.12.07

NYHENDEBREV FRÅ VOSS VENSTRE

Dette er det første av vonleg nokolunde regelmessige informasjonbrev (1x/mnd.?) til Venstremedlemer og —sympatisørar!

I november kom dei ulike kommunale utvala i gang med møta. Dermed fekk fleire nyvalde nye oppgåver og nye utfordringar. Samstundes held vi fram med regelmessige gruppe- og styremøte.

Budsjettet for 08 har tatt mykje tid i drøftingane! Jamvel om det var kome varsel i "Hordaland" tidlegare i haust, må eg seia at vi vart overraska over at budsjettsituasjonen hadde endra seg så katastrofalt på eitt knapt år.! Formannskapet/Utvalet for plan og økonomi (FPL) fekk orienteringar i fleire møte, men først den 27. nov. eit saldert budsjett. Då hadde mishøvet mellom mellom framskriving av noverande budsjett og pårekna inntekter blitt redusert frå 40 mill. — via diverse nedskjeringar – til ca. 30 mill.. Ved nye drastiske forslag og 6 mill i utsette låneavdrag var budsjettet kome i balanse

I dette FPL-møtet var det berre Venstre som hadde eit fullstendig og detaljert forslag til driftsbudsjett for 08! Venstre gjekk der mot vedtak om skulenedlegging i samband med budsjettet, og føreslo dermed mindre bemanningsreduksjon i skulane, mot å auka tilsvarande på dei fleste andre kommunalavdelingane. Venstre føreslo m.a elles at FPL og kommunestyret skulle drøfta budsjettsituasjon og utsikter for 09, i mai/juni, for slik å koma meir i forkant til budsjettarbeidet til hausten.

"Regjeringa", dvs. Ap,Sp og SV, vil koma tilbake i jan./febr. med korleis gjennomføra store nedskjeringar i bemanning innan skule og helse/sosial/omsorg, dvs. også gjennom endra skulestruktur. H og Frp hadde ein del framlegg om konkurranseutsetjing m.v.. Alle forslaga blei oversende, utan votering, til kom.styret den 13. des… FPL var samde om å invitera partia utan representasjon i FPL (KrF og Raudt) , og dei hovudtillitsvalde for dei 3 største fagorganisasjonane, med i ei "arbeidsgruppe"som i desember og januar skal drøfta dei uspesifiserte nedskjeringane i fleirtalsforslaget vidare (Vel eigentleg for at Ap, Sp og SV skal kunna bli einige om endringar i skulestrukturen!)

Budsjettet for 08 skal vedtakast i kom.styret torsdag 13. des. Du finn framlegga frå Venstre og dei andre FPL —medlemene på heimesida til Voss kommune, under "Politikk" og saklista for kommunestyret.

Venstre skal ha gruppe-/styremøte tirsdag 11. kl. 19.30 (hos Torstein G.) for m.a. å drøfta budsjett og dei andre kommunestyresakene. Velkomen!

I kommunestyremøtet 29.11. var det elles største saka utviding av Amfisenteret. Venstre sitt forslag om full konsekvensutgreiing (som m.a. ønskt av Vossevangen huseigarforening og butikkane i Voss sentrum) fekk berre 5 røyster (V og Raudt). Ap, Sp og Sv sitt forslag om eit par mindre analyser før endeleg behandling blei vedtatt.

Spørsmålet om auke i politikargodtgjersla var oppe (ikkje justert sidan 2001). Venstre føreslo at justeringa skulle vedtakast, men at gjennomføringa måtte vurderast i budsjettsamanheng.
Og i V sitt budsjettforslag er auken for 2008 føreslått stroken! Venstre hadde elles eit forslag i saka om nytt badeanlegg at utgreiingsarbeidet bør halda fram — og har føreslått avsett 25.000 i 08 til vidare planarbeid. Men eit meir aktivt forslag frå H blei vedatt her.

Elles har vel dei fleste registrert at Vs representant i Utval for miljø og kultur (MKU) ; Anne Jorunn Ryum Møen, i novembermøtet tok opp spørsmålet om riving av Enkjeheimen. Venstre vil følgja opp denne saka!

Av einskildsaker i FPL kan nemnast at Venstre i ei sak om bygging av ny driftsbygning på Flatekvål føreslo at klagen frå naboane skulle bli tatt til følgje, og fekk støtte frå H og Frp. Men Ap, Sp og SV forkasta dette. Saka går til fylkesmannen til avgjerd.

Val av medlemer til ulike nemnder skal skje 13. des., og fleire er blitt kontakta i samband med dette. Ta kontatkt om du kan tenkja deg eit verv!

Ja apropos, Venstre sine repr. i hovudutvala er:
Formannskap/utval for plan og økonomi:
Torstein Gunnarson
Rolf Abrahamsen er 2. vararepr. (for repr. for V og H)
Utval for miljø og kultur:
Anne Jorunn Ryum Møen
Knut Olav Nestås er 1. vararepr., Valborg Kløve Graue 2. og John Arvid Himle 3. (for
Venstre sin repr..)
Utval for næring og tiltak:
Rigmor Onarheim
Knut Olav Nestås er 2. vararepr., (for V og KrF sine repr.)
I utval for levekår er
Annlaug Helland 1. vararepr., og Sigrud Fretheim 3. varar. (for Krf. sin repr.)
Rolf Abrahamsen er vald til leiar i klagenemnd/skatteutval
(I tilegg til vararepr. har einskilde ein annan "støtteperson" for drøfting av spesielle saker.)
Ette er ein klart betre representasjon enn etter forrige val!

Og så er det litt kjekt å kunna minna om det gode utgangspunktet Venstre har for arbeidet vidare:
– Stor framgang ved valet; frå 4,5 til 7,8 %, dvs. pluss (ca.) 195 røyster til 506.
Frå 2 til 3 repr. (Mangla 21 st. på eit 4. mandat). 2 av 3 repr., pluss første vara er nye.
– Men lægre røystetal ved fylkestingvalet; 344, dvs. 5.9 %

Beste helsing

Kristian Østrem Torstein Gunnarson
Leiar gruppeleiar kom.styret

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**