Estland feirar 90 år som republikk

1500 menneske skreiv under eit krav om ein estisk Nürnbergdomstol. Ingen hadde våga det før i Aust-Europa. Fleire historikarar dokumenterte dei mange toglastene med kurs for Sibir for første gong offentleg. Prestar og speidarungdommar fordelte jord frå konsentrasjonsleirane i Sibir til kvart av dei 12 fylka i Estland. Det var ei dirrande stemning av oppgjer med den kommunistiske undertrykkinga og ei tru på eit demokratisk Estland. Leiaren i forfattarforeninga, Lennart Meri, spådde eit fritt land. Tre år seinare blei han president. Sentralbanksjefen ville ha vekk rublane og bruke estisk kroon, – og blei finansminister.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

Sekretæren i kommunistpartiet (!) gjekk inn for fleirpartistyre. Utanriksministeren bad om hjelp til å heise det estiske flagget under OL på Lillehammer. Ein gamal historikar og folkedansar tok forsiktig fram eit flagg frå skapet og fortalte at dette var det første estiske flagget som var vist på Den Røde Plass i Moskva sidan 1940. Grunnskoleeksamen i historie var avlyst, "fordi alle veit jo at pensum er løgn".

Før Berlinmuren falt
Dette var i mars 1989, eit halvt år før Berlinmuren falt. Karta over gatene i Tallinn var framleis meir villeiande enn korrekte, men lyden av nasjonale songar blei sterkare og sterkare i dei tradisjonsrike songstemnene som på det meste samla 300 000 menneske. Eg var så heldig å få vere med i den første vestlege politikardelegasjon som besøkte Estland sidan før andre verdskrigen. Alt var ikkje like sjølvsagt trygg veg mot fridom: Ein restaurant vi åt på blei brent ned av russiske okkupasjonssoldatar noen dagar etterpå. Vi fekk møte alle leiarane i den estiske folkefronten, og det skulle vise seg at vi møtte alle som blei statsministrar, utanriksministrar og dei første presidentane i det første tiåret i det som to år etter blei det frie Estland. "Vi" var ein utsending frå kvart av dei sosial-liberale partia i Norden, og vi blei mottatt i alt frå pressekonferanse med 500 journalistar til saunaen i utanriksdepartementet, eit departement som i praksis var overtatt av demokratar som undergravde diktaturet i estlands sosialistiske parti innanfrå.

Brokete historie
Estland har ei brokete historie. 24. februar 1918 blei republikken Estland etablert. 6. august 1940 blei landet okkupert av Sovjetunionen, og blei Den sosialistiske sovjetrepublikken Estland heilt til august 1991. I mellomtida var det harde kampar mellom russiske kommunistar og tyske nazistar på estisk jord. Over 30 000 estarar blei tvangssendte til Sibir. Mange av dei kom aldri tilbake.

Vi forstod at det var noe i gjære i Tallinn desse vårdagane i 1989. Men at det skulle gå så fort ante ingen av oss. Det vi opplevde var eit av dei første og tydelegaste teikna på ein heilt ny vår i Europa. Opprørsleiarar snakka åpent, mens alle rekna med det var KGB-mikrofonar i hotellrom og møterom. Estland, Latvia og Litauen hadde vore lukka land i meir enn 50 år. Vi møtte svensktalande folk som talte ein underleg "gamalsvensk" og ikkje hadde møtt andre svenskar på over 50 år. At den respekterte svenske partileiaren Bengt Westerberg var leiar i delegasjonen vår var så sterkt for desse gamle svenskane at dei gråt — og gråt. Ein av dei hadde vore 12 år i Sibir. Han blei straffa fordi naboen hadde rømt til Sverige.

Feiring
Denne helga feirar Estland at det er 90 år sidan landet gjekk ut av det russiske tsarveldet og blei sjølvstendig. Estland er fritt. Ikkje fritt for problem, men fritt. Å leve i eit fritt land er sjølvsagt og daglegdags for oss som er født i Norge i god tid etter andre verdskrigen. I Estland har alle som er levd lenger enn 20 år opplevd korleis det er å vere undertrykt, innestengt og okkupert.

Visst har landet sosiale problem, og langt frå alt i det fattige, grå og undertrykte sosialistiske "paradiset" er retta opp. Men nå kan vi fleire gonger kvar veke sjå det estiske flagget på fjernsyn, over hoppbakkar, langrennsløyper, i skiskyting, sykling og mange andre idrettar. Stadig fleire les "Keisarens galning" og andre bøker av Jaan Kross. Estiske musikarar gjer det godt over heile verda. Her lokalt har Vigmarken ungdomslag i Grimstad hatt mykje samarbeid med folkedansarar i Rakvere, Oddbjørn Lønskog har organisert ei imponerande mengde hjelpesendingar til fattigfolk i Estland og Latvia. Til sommaren kjem ei stor folkedansgruppe frå Estland til folkekulturfestivalen i regi av Lillesand leikarring. I Arendal er Ants Lepson ein estisk "ambassadør" som har formidla mykje kunnskap om heimlandet sitt. Kvar einaste helg går det båtlastar og flylastar med nordmenn til Tallinn, ein historisk by med lange tradisjonar og ein av dei europeiske hovudstadane med størst vekst i turismen. Stadig fleire estarar kjem til Norge.

Atlanterhavet er den nye grensa

Det er berre snaue 20 år sidan landet var fullstendig stengt for alle utanom det som eingong heitte Warzawapakten, Sovjetunionen og den kalde krigen. Kunnskapen for, og dessverre også interessa og omtanken for Estland, Latvia og Litauen var lik null i Norden. I dag er Estland eit land i sterk framgang, medlem av EU, medlem av NATO, med i Schengenområdet. – Før var det eit jernteppe mot vest og fleire jernbanespor direkte mot Sibir i aust, seier estarane: – Nå har vi fått Atlanterhavet som vestgrense.

————
Våren 1989 hadde Jan Kløvstad ein serie artiklar i Agderposten frå Estland, og var ein av dei aller første som skriev om situasjonen i estland i norsk presse. Jan Kløvstad var med i ein delegasjon på vegner av Venstre. Dei andre i delegasjonen var partileiarane Bengt Westerberg, Folkpartiet liberalarane i Sverige, og Marianne Jelved i Radikale Venstre, landbruksminister Nils Anker Kofoed, venstre i danmark, partisekretær i Svenska folkpartiet i Finaldn, nåverande finsk ambassadør i Norge, Peter Stenlund.

Meir om Estland her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**