Ny vernediskusjon på Voss

På Voss er det på ny ein diskusjon om eit kulturhistorisk verdfullt bygg skal rivast. Det spesielle er at huset er eigd av eit selskap der kommunen eig halvparten og har styreleiaren. Voss Venstre går inn for vern, og har eit innlegg i ” Hordaland” for 26. februar:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Kjellaug og Lilly — kom på banen!

"Hordaland" for 16. febr. fortel at Voss bustadutvikling v/dagleg leiar Odd Maubach varslar kommunen om at selskapet vil gå til søksmål mot kommunen om dei ikkje får riva Enkjeheimen, og byggja nytt stort bygg. Kravet er 8.5 mill!

Ja, kva er no saka? Voss kommunestyre vedtok i 2003 ein reguleringsplan som ikkje verna Enkjeheimen. Men synet på vern av kulturhistoriske verdiar i Voss har dei siste åra heldigvis endra seg. Etter framlegg frå Venstre, vedtok slik eit nært samrøystes Utval for miljø og kultur (MKU) før jul: "MKU oppmodar FPL (Formannskap/Utval for plan og økonomi) å setja i gang omregulering av Hestavangen sørlege del med tanke på vern av Enkjeheimen.". (Berre Framstegspartiet var mot dette.)

Så i formannskapet den 24.01. vedtok fleirtalet: "1. Saka vert utsett. 2. Ny handsaming må klarleggje konsekvens av å legge ned mellombels byggje- og deleforbod. Ein ber om uttale frå utbyggjar." Mindretalet gjekk inn for byggje- og deleforbod for å føreta nødvendig omregulering for å få verna Enkjeheimen.

Og kva er Voss bustadutvikling? Jau, eit selskap som kommunen eig i lag med Stor-Bergen boligbyggelag, og der Voss kommune har styreleiar; Kjellaug Brekkhus (Sp og tidl. varaordførar), styremedl. Lilly Helland (Ap) og ass. rådmann Olav Auganes.

Vi utfordrar kommunen sine styremedlemer, og særleg då politikarane; Kjellaug Brekkhus og Lilly Helland, til offentleg å svara på om brevet til kommunen verkeleg er styret si tilbakemelding til kommune og formannskap!!

Kva slags vurderingar er gjort av innreiing til husvere i eksisterande bygning? Og kva er heimelen for å kunna krevja erstatning? (Har selskapet alt fått godkjent byggemelding for eit hus med 18 (!) husvere? )

Og, er Enkjeheimen berre eit halvgammalt hus som det skal tenast mest mogeleg pengar på, eller er det eit verdifullt kulturhistorisk minnesmerke som vi også i framtida også skal kunna vera stolte over å kunna fortelja soga om? Ja, tenk om Voss bustadutvikling kunne tilbakeføra det ytre til ein varsam sveitsarstil, slik bygget opphaveleg hadde!
Anne Jorunn Ryum Møen, Venstres medlem i Utval for miljø og kultur
Torstein Gunnarson, Venstres medlem i Formannskapet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**