Venstre-vind på Voss

Dette er overskrifta i lokalavisa “Hordaland” for laurdag 1.mars. I ei måling frå Respons i februar, har Venstre fått 10.2%! Det er 2.4 % meir enn ved kommunevalet i haust, som også var eit godt val.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Lars Sponheim taler til landsmøtet

Foto: Frode Fjeldstad

Spørsmålet galdt kva ein ville røysta om det var Stortingsval “i morgon”.
Lokalavisa skriv vidare m.a. “Venstre er i ferd med å nå gamle høgder på Voss. 10.2% er klar rekord i “vårt” årtusen. … og partiet har neppe vore større på Voss sidan splittinga i 1973.”

Sponheim kommenterer resultatet m.v. med at “Så neste gong eg går gjennom Vangsgata skal eg smila ekstra til kvar tiande eg møter. For no er jo kvar tiande Vossing Venstreveljar!” Også lokallagsleiaren, Kristian Østrem, smiler breitt!

Venstre er dermed blitt 4. største partiet på Voss, klart framfor H. SV og KrF. Elles går Frp, med 17.2% så vidt forbi Sp med 17.0%, og er dermed neststørste partiet på Voss, etter Ap.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**