Nytt info.brev frå Voss Venstre!

Politisk var februar var ein litt rolegare månad på Voss. Dermed nytta laget tida til m.a. årsmøte. Les meir om dette, og aktuelle politiske saker, i Info.brev nr 3/08!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV NR. 3/08
Politisk var februar ein relativt roleg månad i Voss. Det kom vel med etter ein januar som var svært travel, med møte i alle politiske utval, og folkemøte og drøfting i formannskap og kommunestyre av skule- og barnehagestruktur. Men mars blir "tett" igjen!

Etter høyringsrunden, med frist 25. februar, kjem nemleg saka om skulestrukturen opp att i levekårsutvalet 11. mars, i formannskapet 13. mars og i kommunestyret 3. april. Vi treng ei grundig drøfting av Venstres standpunkt her — så alle er velkomne til gruppe- og styremøte måndag 10. mars!

Rådmannen leverte elles i kommunestyret 21. febr. ut interne notat frå kommunalsjefane for pedag. tenester og for helse og sosial til rådmannen om kva vedteke budsjett inneber av nedskjeringar. Dette var nokså uventa — det vanlege er jo at politikarane skal forhalda seg til utgreiingar og notatar frå rådmannen, med hans samla vurdering. For barnehage og skule var nedskjeringsframlegga svært ille – dersom ikkje samanslåingar/nedleggingar blir vedtatt. Mange oppfatta dette som eit utidig press. Høyringsrunden var jo heller ikkje ferdig.

Då var det godt å høyra at kommunerekneskapet for 2007 gjekk ut med eit overskot på ca. 4 mill.!

Den store saka i KST 21.02 var elles godkjenning av reguleringsplanen for Nyrefeltet. Diskusjonen gjekk mest på ein planlagd kulvert under Gjernesvegen. Underteikna gav ros til planen vedk. estetiske omsyn, energi- og miljøomsyn.

Formannskapet var 7.febr. på synfaring til det planlagde Voss handelshus, ( tidl. Geitle slakteri) på Palmafossen. Sterke kjensler frå ein nabo. Saka kjem opp att i FPL 13. mars. Elles positivt at rullering av klima- og energiplanen for Voss no er i gang. Det er ein plan der Venstre har programfesta fleire tiltak, så denne saka vi skal følgja med argusauge!

FPL utsette saka om riving av Enkjeheimen, og vedtok å be tiltakshavar, dvs. Voss bustadutvikling, om utgreiing om konvekvensar av ikkje riving. (Mindretalet stemte for eit framlegg frå Venstre for vern av bygningen.) "Hordaland" for 16. febr. refererer så eit brev frå forretningsførar i Voss bustadutvikling, der dei melder eit krav på 8.5 mill.! Venstre hadde så eit innlegg i Hordaland 26. febr., der vi etterlyser kva Vossapolitikarane i styret for Voss bustadutvikling. si meining. Sjå eige oppslag på heimesida vår.

Venstre har elles i to FPL-møte spurd om utforminga av den nye KIWI-butikken på Palmafossen. (Har de sett "lagerlokalet"?) I begge opplyste administrasjonen at vanlege prosedyrer og retningsliner var følgde. Korleis denne bygningen kan ha blitt bygd, m.a. i høve til dei kommunale retningslinene for estetikk, er ganske uforståeleg!

20. februar hadde Voss Venstre eit positivt årsmøte! Ordførar Mona Haugland Hellesnes i Ulvik – og leiar i Hordaland Venstre — snakka om utfordringar for kommunane i indre strøk av Vestlandet.
I foredraget tok Mona H. Hellesnes utgangspunkt i folketalsutvikling, dvs. folketalsnedgang, i Ulvik og nærliggjande kommunar i Hardanger, med tilhøyrande langsiktige konsekvensar for bygdene. Ho peika på uheldige sider ved rikspolitikken – som har mange sentraliserande tendensar – og gjekk gjennom utforingar kommunane står framfor. Næringsutvikling, arealkonfliktar, utdanningstilbod og samferdsel stod sentralt i det svært interessante foredraget. Ho oppfordra til nært samarbeid mellom kommunane for å få utviklinga på ein betre kurs!

Årsmeldinga fortalde om eit aktivt valår, med stor framgang som resultat. Geir Inge Kvitne fekk blomster som takk for stort arbeid med vallista, og Torstein Gunnarson for arbeid med program og valkamp. Elles drøfta årsmøtet lokallagskontingent og medlemsverving.

Heile styret tok attval, og er no: Kristian Østrem, leiar, Anne Jorunn Ryum Møen nestleiar, Kjell Stavenes kasserar, Knut Olav Nestås skrivar, Geir Inge Kvitne. Varamedl. er Annlaug Helland og Kai Hysing.

Og så må vi ta med oss gladnyhendet 1. mars!!! I følgje "Hordaland" ville 10.2% på Voss røysta på Venstre om det var Stortingsval i morgon! Det er 2.4 % meir enn ved kommunevalet i haust, som også var eit godt val. Avisa skriv vidare m.a.: “Venstre er i ferd med å nå gamle høgder på Voss. 10.2% er klar rekord i “vårt” årtusen. … og partiet har neppe vore større på Voss sidan splittinga i 1973.”

Sponheim kommenterer resultatet m.v. med at “Så neste gong eg går gjennom Vangsgata skal eg smila ekstra til kvar tiande eg møter. For no er jo kvar tiande Vossing Venstreveljar!”

Venstre er i denne målinga dermed 4. største partiet på Voss, klart framfor H, SV og KrF! Elles går Frp, med 17.2% så vidt forbi Sp med 17.0%, og er dermed neststørste partiet på Voss, etter Ap.

Hugs å gå inn på heimesidene til Venstre: Venstre.no, og klikk deg fram til fylkes- og lokallag. Og for meir informasjon om saker til politiske behandling, gå inn på "Voss kommune.no", så vidare på "Politisk" og "Politiske saker".

Kristian Østrem Torstein Gunnarson
leiar gruppeleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**