Også barn har rett til å leve, Hallgeir Langeland

Som ansvarleg for E18-aksjonen da Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget var på Sørlandstur sist veke, vil eg kommentere utspela i media frå Hallgeir Langeland, transportpolitisk talsperson i SV. Enda verre blir det at fylkesstyremedlem Marit J. Aass i SV støttar Langeland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Marianne Drivdal

Av Jan Kløvstad

Barn og firefelts veg
Barna ved Nesheim skole og Holt skole sa ikkje eit ord om firefelts motorveg, slik Langeland hevdar. Barna hadde laga plakatar og ropte "Vi vil ha trygg veg" og "Vi vil ha trygg skoleveg". I tillegg vil dei ha gang- og sykkelveg, særleg strekninga Lillevåje — Goderstad langs E18. Elevane ved Nesheim og Holt veit også at det berre er ei grunn grøft mellom dagens E18 og gang- og sykkelvegen. Mange av elevane har sett personbilar ligge på taket og lastebilar stå på tvers av gangvegen (Longum, Holtebekk, Skjulestad, Dalbu). Elevane veit altså av eiga erfaring at dagens gang- og sykkelveg ikkje er trygg..

Barn og skoletid
Langeland kritiserer at "småskulebarn" fekk fri frå skolen. Aksjonen starta kl 12.20. Vanleg skoledag for dei minste sluttar kl 12.15. Elevane i dei eldste klassane fekk fri 30 til 90 minutt. Meiner verkeleg SV at elevar ikkje skal få lov til å seie meininga si?

Firefelt veg
– Kan dere klare dere med smalere veg, spurte Arbeidarpartiets Truls Wickholm i Arendal. Da svarte vegdirektoratet sine folk at årsdøgnstrafikken mellom Arendal og Tvedestrand alt nå tilseier firefelts veg. Det er ikkje skolebarna på Nesheim som har rekna seg fram til kva slags veg som er det tryggaste alternativet. Langeland skriv at det einaste ordførarane seier er "firefelts veg til ca 2,2 milliardar!". Det er grov sitatfusk å skrive slik Langeland gjer. Ordførarane Torill Rolstad Larsen og Jan Dukene sa meir: Dei sa at vi er villige til betale bompengar, sluke kamelar medhårs og mothårs, ha OPS-prosjekt og alt som skal til av lokal innsats for å få tryggare liv for både barn og vaksne langs E18. Da blir statens nettoutgifter også mykje lågare. I nordre Vestfold var det 6 dødsulykker pr år 1980-2000 og langt fleire ulykker med alvorleg skadde. Etter at ny veg kom, har det vore ei einaste dødsulykke. Vi har hatt 9 dødsulykker med 12 drepte Harebakken-Rømyr på 10 år. Vi vil ikkje miste fleire.

"Bybane? Tog?", skriv Langeland

Som Hallgeir Langeland truleg veit er eg ein aktiv brukar av toget i alle moglege samanhengar. Men verken Langeland eller eg kan klare å frakte ungane frå Halsestad til Nesheim skole med verken tog eller bybane.

Diktatur?
I NRK-radio og Agderposten har Hallgeir Langeland samanlikna aksjonen vår med diktatur, som Nord-Korea. Eg trur eg er demokrat, og har brukt litt tid på å arbeide mot diktatur både i aust og vest. Og eg har aldri foreslått Fidel Castro til Nobels fredspris slik Langeland har gjort.

Kom tilbake, Hallgeir Langeland!
På Langelands datamaskin ligg det ei innbyding til å kome heim til oss. Han skal få fri kost og fri overnatting. Han skal få følge ungane våre over vegen kvar morgon. Og han skal få all tid han treng til å studere trafikken.

På eitt punkt har Hallgeir Langeland og eg same meining: "Sikkert er det at firefelts motorveg ikkje er for barn". Akkurat. Det er derfor vi vil ha den farlege trafikken så langt unna ungane våre som mogleg.

Også barn har rett til å leve, Hallgeir Langeland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**