Folk i Arendal er best tent med at bystyremedlemene sover om nettene

Ingebjørg Godskesen, Arendal Fremskrittsparti, har eit poeng når ho seier i Agderposten at det er uheldig om dørvakt og skjenkekontrollør er leigd inn frå same firma. Eg ser også behovet for ein sterk kontroll, så mykje bråk og uro det ofte er i Arendal nattestid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Men å bruke bystyremedlemer til å løpe ute om natta for å drive såkalla objektiv og rettferdig skjenkekontroll er eg sterkt mot. Det er andre som er betre kvalifisert for slikt arbeid. Det vil ikkje vere særleg lett for oss småbarnsforeldre til å stille til valg om vi i tillegg til å vere politikarar på kveldstid og ein gong i mellom på dagtid, også skal vere politikarar om natta.

Eg trur folk i Arendal er best tent med at bystyremedlemene sover om nettene.

Jan Kløvstad
gruppeleiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**