Giske Venstre vi ha oppatt-taking av NAV-saka

Under kommunestyremøtet 29.01.2008 var det to saker til handsaming, som gjaldt NAV-etablering i Giske. Den første saka, handla om kva tenester som skulle inn i NAV, den andre gjaldt lokalisering av kontoret og bygging av lokale. Giske Venstre ønskjer oppatt-taking av saka som gjaldt bygging av lokale.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Kommunestyregruppa i Giske Venstre sende følgjande brev til Ordføraren:

Sak 019/08: NAV GISKE — BYGGING AV LOKALE

Under kommunestyremøtet 29.01.2008 var det to saker til handsaming, som gjaldt NAV-etablering i Giske. Den første saka, handla om kva tenester som skulle inn i NAV, den andre gjaldt lokalisering av kontoret og bygging av lokale.

I saka om sjølve etableringa av NAV-kontoret i Giske og kva tenester som skulle inngå støtta vi Ståle Godø (KrF) sitt forslag om å utsetje saka og sjå den i eit større perspektiv, ved å få samla fleire tenester under same tak til det beste for brukarane.

Då forslaget frå Godø fall, vart vi sitjande att med to reelle alternativ i neste sak, som gjekk på lokalisering av NAV-kontoret:
1) Kostbart påbygg til rådhuset

2) Ei rimelegare ombygging av 2.etg på rådhuset

Forslaget om etablering i 2.etg på rådhuset vart vedteke, med stort fleirtal i kommunestyret. Venstregruppa var splitta i sitt syn.

I etterkant av vedtaket, har vi i Venstregruppa fått signal om at sakshandsamingsprosessen i denne saka truleg ikkje har gått heilt rett for seg, sidan verken dei tilsette, deira tillitsvalde, verneombod eller arbeidsmiljøutvalet hadde fått høve til å uttale seg før kommunestyret handsama saka.

Som politikarar har vi eit arbeidsgjevaransvar overfor dei tilsette i kommunen.

Difor valde vi å stille spørsmål til ordføraren under møtet den 4.mars, der vi ynskte svar på om det var mogleg å ta saka opp att i kommunestyret etter at dei tilsette sine tillitsvalde og arbeidsmiljøutvalet i Giske hadde blitt orientert og fått høve til å kome med sine synspunkt.

Vi er glade for at saka no i seinare tid har blitt teken opp med dei tillitsvalde og deira organisasjonar, verneombod og arbeidsmiljøutvalet. All ære til administrasjonen for det.

I ettertid har vi likevel funne grunn til å stille spørsmålsteikn ved det vedtaket som vart gjort 29/1 angåande NAV-lokalisering i 2.etg på rådhuset.

I saka om lokalisering av NAV-kontor vart det framlagt to ulike innstillingar. Innstillinga til rådmannen i denne saka la fram eit forslag til plassering, med ei oppramsing av konsekvensane på denne, samt eit forslag til løysing. Løysinga gjekk på ombygging av kommunestyresal og atrium til kontorlokale, for å kunne betre den pressa plass-situasjonen på rådhuset.

Dette avsnittet vart seinare fjerna frå innstillinga, utan at eit nytt forslag til løysing av plassproblemet vart fremma frå kommunestyret.

Sidan innstillinga slik vart omgjort under formannsskapsmøtet same dag som kommunestyremøtet vart halde, vart det kort tid til drøfting i forkant av sakshandsaminga, og vanskeleg å klart sjå konsekvensane vedtaket ville få.

I vedtaket som kommunestyret gjorde den 29/1 seier vi kvar NAV-kontoret skal realiserast, men ikkje noko om korleis vi skal løyse dei arealmessige utfordringane knytt til ei ombygging.

Venstre er bekymra for at vi med vedtaket om NAV-etablering i 2.etg på rådhuset vil forverre arbeidssituasjonen til dei tilsette, sidan vedtaket ikkje inneheld noko forslag til løysing av plassproblematikken, kun ei økonomisk ramme på 3,3 mill inkl ny heis. I ettertid ser vi at kommunestyret ikkje hadde godt nok grunnlag til å kunne sjå konsekvensane som dette vedtaket kan få økonomisk og arbeidsmiljømessig.

Det er også grunn til å peike på at det historisk sett viser seg at ombyggingssaker ofte får store kostnadssprekk, medan nybygg blir gjennomført innanfor dei gjevne kostnadsrammene. Dette har også noko med ulike overraskingar ei ombygging kan gi, med avdekking av uforutsette faktorar mellom anna i bygningsmateriale og tilstanden på dette.

I kommunestyremøtet 4/3 orienterte kommunalsjefen om at det skal nedsetjast ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på arealdisposisjonen på Rådhuset. Vi meiner at kommunestyret med dette har fått ny informasjon, og at dette gjer at saka bør takast oppatt. Det er stor grunn til å tru at arbeidet vil føre til forslag på nye løysninger, og med dette behov for auka rammer. Vi meiner at NAV-lokaliseringa må setjast inn i denne samanhengen, og at arealbehov og kostnader blir vurderte for Rådhuset samla sett.

Venstregruppa burde bedt om tid til å drøfte dei konsekvensane som dette vedtaket ville gje, og tek sjølvkritikk på dette. Vi trur framleis at denne saka har uklare moment som gjer at kommunestyret ikkje hadde godt nok grunnlag for å gjere best mogleg vedtak på det tidspunktet saka først var oppe.

Dette er i dag hovudgrunnen til at vi i Venstre framleis ynskjer å ta opp att saka som gjeld bygging av NAV-lokale i Giske, og vil be ordføraren om å gi si vurdering av det.

Med venleg helsing
Giske Venstre
Runa Godø Sæther, Britt Giske Andersen og Anne-Lise Roald

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**