Ingen endringar i skulestrukturen i Voss til hausten!

Lokalavisa i Voss; “Hordaland”, har i 3 mnd. vore fylt med innlegg omkring omfattande framlegg om nedlegging av skular. Partia som gjekk høgast ut, Ap og SP, med støtte av H og Frp, fekk kalde føter, og til slutt skilde Ap og Sp lag. Kommunestyremøtet 3.april enda derfor med at ingen endringar skal skje til hausten, men nokre få vidare utgreiingar skal skje. Venstre har halde ei klar line heile vegen.Les meir om dette i info.brev nr 4. frå Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Voss Venstre 02./08.04.08

INFO.BREV NR. 4/08
Fullføringa av dette info.brevet blei —p.g.a. reisefråver — litt seinare enn planlagt. Greitt var det også å få med kommunestyrebehandlinga 03.04. av skule- og barnehagestrukturen!

FPL behandla strukturen i møte 13, utan å koma med eit fleirtalsframlegg til kommunestyret. Venstre føreslo saka utsett til kommunestyremøtet i sept, med følgjande:
1. For 2008 gjeld 0-alternativet.
2. Dei skular/barnehagar som p.g.a tidsfrist m.v. ikkje har gitt uttale, blir gitt høve til ny fråsegn.
3. Til dette møtet skal saksutgreiinga omfatta
– spesifiserte tal for forventa driftutgiftsendringar.
– nærmare kalkylar for utbetringar/bygging av skular/barnehagar som treng det for å motta nye elevar/barn, med finansieringsplan
– utdjupande/supplerande utgreiingar om
– skuleskyss; helse-, miljø- og trafikkonsekvensar
– tilhøvet til kommuneplanmålsetjingar m.v.
– økonomiske kalkylar vedk. skatteinngang, statsmidlar (ved endra folketal) skysskostnader (samfunnsøkon.)
– fagleg-pedagogiske tilhøve, samarbeid heim — skule
med særleg tanke på
– nedlegging Vangen skule og overføring av elevane til Gullfjordungen, Gjernes, Skulestad og Palmafossen skular
– overføring av Kløve skule til Palmafossen
– overføring av Kyte og Raundalen barnehagar til Kløve skule.
– overføring av Myrkdalen skule til Sundve.
– organisering av Oppheim skule som 1-4 skule og barnehage. 5-7. årskull går i så fall til Sundve og Hauge barnehage blir lagt ned
– organisering av Bordalen skule som 1-4 skule og barnehage. Samdrift med privat barnehage, event. overtaking. 5.-7. årssteg til Gjernes sk..

Endra punkt 4:
4. Pedagogiske tenester sitt driftsbudsjett blir styrka med 2 mill av post 1.1100 4900.10003; kommunestyret sin reservepott, og 2 mill. av overskot driftsbudsjett
2007.

Dvs at vi opna opp for ei vurdering av einskilde skular — etter nærmare utgreiing – og stemte også subsidiert for m.a. å leggja ned Vangen skule.

I KST fall eit framlegg frå SV om å utsetja det heile til 2012, med ny arbeidsgruppe med innstilling i 2010. Ein av Venstres 3 stemte for dette. Venstres framlegg fall, berre 3 st. (kom til votering før SVs forslag) Til slutt stod vi att med eitt framlegg frå AP og eitt frå SP. Det siste var nytt og inneber ingen endringar – før etter nærmare utgreiingar (om Kløve-Palmafossen, vidare Vangen, Gjernes, Gullfjordungen. Myrkdalen skule må få auka elevtal for å bli oppretthalden etter 2012.) Ap "gambla" – med å forlanga votering over alle forslaga sine under eitt — og kom i mindretal med 1 st.! (Ap blei støtta av FRP og H.) Og verd å registrera "skilsmissa" her mellom AP og Sp!

Eit framlegg frå Ap til inndekning av "tapte inntekter" ved at skulestrukturen bli oppretthalden, fekk subsidier oppslutning frå alle parti (unntatt Raud). Dvs at det blir noko mindre nedskjeringar enn tidlegare lagt opp til frå AP, SP, Frp og H.

Elles blei det dessverre fleirtal for riving av Enkjeheimen og for å nytta Tunshovden som gravplass! Underteikna og Anne Jorunn Ryum Møen for Enkjeheimen, og Knut Olav Nestås for Tunshovden hadde gode innlegg — syntest vi sjølv! Vern av Enkjeheimen fekk røystene frå Sv, R , 1 frå Krf(!) og eit par frå Ap, dvs. 12.. Så her stod Ap og Sp saman att! Det gjorde dei også når det galdt å ta i bruk Tunshovden som gravplass

Frå Utval for miljø og kultur sitt møte (MKU) 6.mars legg vi merke til at Anne Jorunn Ryum Møen blei vald som repr. i nemnda for statue av "Simons-Margreta". I Utval for levekår (LEV) (der V ikkje har fast medlem) sitt møte 11.mars var barnehage- og skulestrukturen den store saka. Elles vedtok LEV m.a. plan for pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving for 08/09. Utval for nærings og tiltaksarbeid (NTA) hadde i møtet 4.mars stort sett saker om bu- og driveplikt.

I gruppe-/styremøtet 11.03. konstituerte styret seg formelt. Dvs. at utanom årsmøtevalde leiar Kristian Østrem, er Anne Jorunn Ryum Møen nestleiar, Kjell Stavenes kasserar, Knut Olav Nestås skrivar, Geir Inge Kvitne. Varamedl. er Annlaug Helland og Kai Hysing. Torstein Gunnarson tar skrivarjobben for gruppemøtedelen, dvs. drøftinga av politiske saker.

Kristian Østrem Torstein Gunnarson
leiar gruppeleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**