Om Arendal Venstre og Sanjin Salahovics lesarinnlegg

Arendal Venstre viser til dei to siste debattinnlegga av Sanjin Salahovic, med utgangspunkt i flagging i 17.mai-tog. På vegner av Venstre vil eg understreke:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


– Venstre vil ha ytringsfridom for alle
– Venstre meiner ein journalist kan ringe dei ho/han vil
– Venstre meiner at alle borgarar, medrekna offentleg tilsette, kan svare på spørsmål og/eller sjølve ta initiativ til å vere med i debattar.

Arendal Venstre har ikkje vore informert om innhaldet i Sanjin Salahovic sine innlegg på førehand, og eg tar avstand frå kritikken hans av ein namngitt kommunal medarbeidar. Som arbeidsgjevarar og bystyremedlemer kjenner vi berre rådmannen.

Jan Kløvstad
lokallagsleiar og gruppeleiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**