Frp sin trylleformel

Tore Turøy har i dag “FRP sin trylleformel” på trykk i Vestnytt.

“Men når eg tenkjer meg litt om, så byrjar eg å lure. Eg er av dei som tenkjer og lurer på mangt og mykje.
Eg lurer på kor Frp vil finne pengar til å betale tilbake låna. Skal dei hente dei inn i form av auka skattar
og avgifter? Neppe. Det er ikkje Frp- politikk. Nei, dei vil nok bruke av oljeformuen då og. ”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I eit innlegg i Vestnytt sist tysdag presenterte Georg Indrevik eit genialt reknestykke over korleis vi kan
få finansiert dei nye vegprosjekta våre utan at det skal koste oss ei krone. Løysninga er at det skal opprettast
ein stateleg bank som skal disponera mykje av oljeformuen vår. Kor mykje seier han ikkje noko om. Denne
statsbanken skal så gje rentefrie lån til ulike veg- og samferdsleformål. Sjølve lånet skal så betalast attende
med statlege løyvingar over 25 — 30 år. Og sim sala bim, så har vi finansiert dei nye vegane våre utan å ha betalt ei krone i bompengar og utan å belaste skattebetalarane. Genialt.
Men når eg tenkjer meg litt om, så byrjar eg å lure. Eg er av dei som tenkjer og lurer på mangt og mykje.
Eg lurer på kor Frp vil finne pengar til å betale tilbake låna. Skal dei hente dei inn i form av auka skattar
og avgifter? Neppe. Det er ikkje Frp- politikk. Nei, dei vil nok bruke av oljeformuen då og.

Hmm, her er det noko eg ikkje får til å rime. Kanskje dei ikkje har tenkt å betale tilbake lånet likevel? Berre skrive ned gjelda? Dei kan jo ikkje bruke oljepengane fleire gonger. Så gode trur eg ikkje eingong Frp er til å trylle.
Meir enn 2000 milliardar kroner, skriv Georg Indrevik at staten har på bok. Det høyres ut som kollossalt
mykje pengar. Og det er det. Vi kan få mykje veg for dei pengane. Og det er mange vegprosjekt kring om i vårt vidstrakte land som ventar på å verte bygd, så eg er redd for at alle milliardane ryk med. Men med Frp sin trylleformel kjem vegane nok snart på plass. Dei låner berre ut oljepengane rentefritt, og let staten betale tilbake over tid. Og så slepp vi også å betale bompengar.
Men då kjem det fleire spørsmål som eg lurer på. Tryller dei ikkje vekk det meste av oljeformuen med denne
løysinga? Frp vil jo også bruke desse pengane i helsevesenet, eldreomsorga og mange andre gode formål.
Dessutan er jo oljefondet døypt om til pensjonsfondet og skal vere med å dekkje framtidige underskot i pen-
sjonsordningane.
Men alt dette får vi nok svar og løysningar på i den komande valkampen som skal få Siv Jensen inn i statsministerstolen neste år.

I same slengen lurer eg på litt til. Her i landet er det for tida nesten null ledige hender til å byggje ut alle desse vegprosjekta. Kor vil Frp ta arbeidskrafta frå? Dei vil jo helst ikkje ha framendarbeidarar inn i landet, og i tillegg vil dei sende ut dei fleste innvandrarar som allereie har kome hit. Kanskje planlegg dei å auke ledigheita viss dei kjem til makta? Då kan vi jo byggje vegane sjølv. Eg lure på om forslaget er så genialt
likevel?
Sjølv om eg er usamd i ein del av løysningane til Frp og sjølv om mitt ringe vit ikkje strekk til å forstå alle forslaga dei kjem med, så er eg samd med dei i ein del sentrale spørsmål. Også vi meiner at det er staten si oppgåve å byggje vegar i Noreg og at det vert sett av alt for lite pengar til formålet. I tillegg meiner vi at det er både rett og rimeleg at olje- og gasselskap som pumpar milliardverdiar inn i både sin eigen og staten sin pengebinge kvart år, har plikt til å bidra til å få finansiert eit betre vegnett i regionen. Dette er vi nok samde om.

Til slutt vil eg ynskje Frp lukke til vidare i kampen mot bompengar. Heller ikkje vi i Venstre synest det er
noko gildt med bompengar, men vi er litt usikre på om det er betre å bruke pensjonspengane våre til å byggje vegar for.

Tore Turøy
kommunestyrerepresentant
Fjell Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**