Eitt kjøken for institusjonane i Giske

Kommunestyret vedtok 29. april at det kun skal vere eitt produksjonskjøken i Giske kommune. Dette skal ligge på Valderøya i samband med det nye omsorgssenteret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Hender ut av pleietenestene
Dersom ein skal drive ei tradisjonell kjøkendrift i Giske, er det svært lite å spare i høve framstillingane som vert gjort frå administrasjonen si side. – Ein samanliknar noko som ikkje direkte kan samanliknast i denne saka, seier Britt Giske Andersen. Eg fryktar at at vi no vil ta hender ut av pleietenestene for å gjere kjøkentenestene, og samtidig miste kompetansen som ein har bygd opp ute på institusjonane.

Eldre, gamle

Foto: Microsoft

Mat er omsorg
Det vart av nokre hevda at mat ikkje var omsorg i gårsdagens debatt i kommunestyret. Mat er i høgste grad omsorg, meiner Giske Venstre. – Det er ganske utruleg at ein einsidig fokuserer på stell og medisinering, og ikkje på måltida som er dagens høgdepunkt for dei fleste menneske, unge som gamle, seier Giske Andersen. – Med Venstre sin modell, med to kjøken og samla drift, ville ein kunne spare inn der ein faktisk har høve til det som på innkjøp, administrasjon og koordinering av tilsette, avslutter Giske Andersen.

Ei dårlegare teneste
– Eg trur at vi får ei dårlegare teneste til brukarane ved institusjonane i Giske kommune. Det er utruleg at fleirtalet i kommunestyret kan gå mot tilrådingane frå dei tilsette, og gå ut frå at ein sparer nokre kroner ved å samle dette i eitt kjøken på det tynne grunnlaget som vart framlagt no. Dette seier Anne-Lise Roald i Giske Venstre, og peikar på at det skjer mykje meir i kjøkentenesta enn å lage varmmat.

Innleige av arbeidskraft
På Godøya leiger ein no inn ekstrahjelp for å ta hand om matstellet. Der bor det i dag 12 bebuarar. Å tru at ein kjem vekk frå dette ved ein såpass stor institusjon som Vigra sjukeheim, som skal ha 30-40 brukarar på det jamne, er utopi. Ein må ha ei stor kjøkenteneste likevel, og då ser eg ikkje vitsen i å skulle transportere maten frå Valderøya. Etter mi meining burde ein halde fram med eitt kjøken på kvar av dei to største institusjonane i kommunen, også i framtida, avsluttar Roald.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**