Nytt informasjonsbrev frå Voss Venstre

April har vore litt rolegare i Vossapolitikken. Bra er det, etter den lange – og utmattande – kampen om skule- og barnehagestruktur. Men store nye saker står for tur!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV NR. 5/08
Det politiske "livet" går vidare — jamvel om sol, grøne bakkar og blomster lett tar tankane annan plass!

Men det har vore var litt rolegare i april, dvs. etter det store kommunestyremøtet 03.04, der m.a. barnehage- og skulestrukturen blei behandla. Nokon kvar kjende vel behov for roa litt ned, og vonleg kosta både den eine og andre på seg litt ettertanke.

Saka.vart kjørt fram med korte tidsfristar og med budsjettproblem som pressmiddel, så kom ei viss utsetjing så høyring skulle kunna skje, det blei reist mange spørsmål som ikkje (etter Venstres meining) blei tilfredsstillande utgreidd osv. Det positive med saka er vel på mange måtar det store engasjementet i møte og i "Hordaland" frå foreldre og grendelag for borna sitt læringsmiljø, og for bygdemiljø og utviklinga av Vossa-bygda!

Etter kommunestyrebehandlinga har det vore stille i "Hordaland" Einast Høgre har nytta store ord. Underteikna hadde i Hordaland 03.05 ein kommentar til dette. (Sjå eige sak på heimesida)

Som kjent fekk ikkje Venstre fleirtal for framlegget om setja i gang ein verneprosess for Enkjeheimen , dvs. at det blei opna for riving. Mange synest dette var eit sørgjeleg vedtak, og fleire har engasjert for å få omgjort vedtaket. Underteikna har, i lag med Anne Jorunn Møen og Einar Horvei frå SV sendt ei klage til fylkesmannen med klage over saksbehandlinga. (Sjå m.a. "Hordaland" for 3.mai.)

Det har vore eit formannsskaps-/planutvalsmøte i april, den 10.04. Der hadde Venstre 2, i og med at også Rolf Abrahamsen møtte som vara for Høgre sin repr.!

Der kom reguleringsplanen for Voss handelshus (tidl. Geitleslakteriet) opp til første gangs behandling. Eit hovudspørsmål er om daglegvarer (Rema) skal tillatast. Med daglegvarer kan handelshuset bli eit slags "kjøpesenter", dvs. ytterlegare trekkja trafikk bort frå Voss sentrum (jfr. Venstres skepsis til utbygging av Amfisenteret). På den andre sida har vi konkurranseomsynet, i og med at Norgesgruppen no har over 70% av daglegvaremarknaden på Voss (Spar, Kiwi, Meny). Denne saka må vi drøfta grundig til den kjem opp igjen til endeleg behandling!

Elles er FPL-møta prega av dei mange reguleringsplanane. Det synest — heldigvis — framleis å vera stor byggjelyst på Voss, både av bustader og hytter.

I utval for miljø og kultur sitt møte den 24.04.legg vi merke til at Anne Jorunn Ryum Møen er vald som kommunen sin representant i ei event. arbeidsgruppe for å markera jubileet for Bergensbanen.

I neste FPL-møte, den 8.mai, kjem m.a. saka om parkeringshus under Hestavangen opp.
Vidare kvartalsrapport om kommunebudsjettet, og rekneskap og årsmelding for 2007.

Underteikna hadde elles den gleda å vera delegat til Venstre sitt landmøte 11.-13. april.. Eigentleg ikkje så spanande, med stor semje om politisk kurs og personval. Men inspirerande; svært stor og aktiv forsamling, gode innlegg over eit breitt saksfelt, mange unge — dvs. eit møte som gav optimisme for framtida til Venstre!

I og med at det ikkje var valprogram e.l. til behandling, var det tid til foredrag og drøfting av skule/utdanning og miljø, under overskrifta "Det sosialliberale kunnskapssamfunnet i 2020". Mange resolusjonar blei vedtatt, m.a. om jernbane, kunnskapssamfunnet og om at ressursveksten i helsetenestene først og fremst må koma i kommunehelsetenesta og i førebyggjande innsats.

Hittil har Venstre sin aktivitet i kommunepolitikken i stor grad vore prega av førebuing og arbeid med saker på sakslista i dei ulike utvala. Dvs. at vi i stor grad har overlete val av saker og tema til administrasjonen. Slik må det nok i stor grad vera — men vi/politikarane må i større grad "setja dagsorden"!

Vi må derfor ta oss betre tid til drøfta kva saker og område skal prøva å fremja! Vi har eit godt program som utgangspunkt. Og vi er svært glade for innspel!
Torstein Gunnarson
gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**