Still opp på klimadugnad 7. mai

Gode Venstrefolk,
still opp på klimadugnad i Arendal kultur- og rådhus onsdag 7. mai kl 1400-1900.

Arendal kommune inviterer alle borgarar vi Arendal, bedrifter, lag og foreningar, politiske parti og tilsette i kommunen til klimadugnad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Venstres klimakampanje. Logo.

Foto: Venstre

Bystyresalen blir gjort om til veggavis der dei som vil kan forme innhaldet. Her skal alle idear til korleis kommunen kan legge til rette for at vi alle kan bli meir miljø- og klimavennlege kome fram.

Vi er ute etter akkurat DIN IDÉ!

Fokusområde er energibruk i bygg, transport, innkjøp og investeringar, forbruk og avfall.

Deltakarar i klimaprosjektgruppa i Arendal KOMMUNE ER TILSTADES. Alle innspel blir vurdert og prioritert av prosjektgruppa. Resultatet blir lagt fram på verdens miljøverndag 5. juni. Kanskje blir DIN IDÉ ein av dei vi kjem til å følgje opp?

Still opp, dette er ein viktig dag for Venstrefolk!

Beste helsing

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**