Omregulering frå LNF til industri?

I kommunestyremøtet 29.04 stilte Britt Giske Andersen spørsmål til ordføraren vdr omregulering av LNF område til industri i 2005. Dette på vegne av fleire innbyggjarar på øya Giske.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Giske 29.04.08

Spørsmål til Ordfører og Komunestyre:

Eg visar til innslag i siste utgave av lokalavisa Øyblikk der det står at Kulturinvest AS søkjar om dispensasjon frå Plan og Bygningslova for overnatting i samband med bygging av lydstudioet i strandsona på Giske.

Dette har Fylket allereie sagt nei til.

I Kommuneplanen for 2003 til 2015 var dette i utgangspunktet eit LNF område, som i 2005 blei omregulert til industriområde.
Det står i Føresegnene og Retningslinjene til Kommuneplanen, som er juridisk bindande, at i område som er sett av til LNF — sone, kan ikkje utbygging og frådeling godkjennast for anna enn stadbunden næringsverksemd (Jfr. PBL §20 — 6)

Det kan eg ikkje sjå vart teken hensyn til i denne saka i o.m. at eit lydstudio ikkje treng vere stedbunden til ei strandsone for å kunne vere i drift.

I gjeldande Kommuneplan stend det også: Naust skal tilpassast stadlege forhold og byggast i respekt for allemannsretten og fri ferdsel i strandsona. Ved handsaming av byggesøknader skal god byggeskikk og tilpassing til nærmiljøet og naturen bli tillagt vekt.

Mange innbyggarar har teke kontakt med meg den siste tida og uttrykt fortviling over det dei anser som eit overtramp på allemansretten til friområda her i kommunen. Noko også underskriftslista er eit tydeleg signal om.

Spørsmålet mitt til Ordføraren er om ikkje kommunestyret bør få moglegheita til å ta dette opp på prinsipielt grunnlag, med tanke på kva vi som folkevalde på vegne av innbyggarane, vil ha av etableringar i strandsona i Giske Kommune.

Vi er valgde av innbyggarane til å forvalte deira interesser og eg ber difor om at denne saken kjem til Kommunestyret for endeleg behandling på prinsipielt grunnlag etter at Teknisk komite har handsama ho.

Helsing
Britt Giske Andersen

Link til spørsmål og svar i stortinget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**