Ein studie i bremsespor: E18 må bli tryggare!

E18 mellom Arendal og Tvedestrand har 161 avkjørslar og busshaldeplassar på 19,2 km, altså 119 meter mellom kvart alvorleg avbrot i køyrerytmen, skriv Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad. Venstre kjempar for ein ny E18 mellom Tvedestrand og Arendal, og Jan Kløvstad har stått i spissen for aksjonar i samband med besøk av Stortingets samferdslekomite og ved fleire andre høve. Arendal Venstre var dei første lokalt som åpent gjekk inn for bompengar også i valkampar, og vi ventar nå på å få ny E18 inn i Nasjonal Transportplan. Stortingsgruppa i Venstre gir oss full støtte. Nå ventar vi spent på fleire parti.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Frå aust og vest blir bilstane vane med at alle som kjem inn på vegen kjem i aksellerasjonsfelt frå høgre, og alle som skal av vegen forsvinn same veg i solide retardasjonsfelt. E18 er fri for busshaldeplassar sørfrå, – og landbruksvegar direkte av/på E18 finst ikkje verken i sør eller nord.

Dei mange avkøyringane fører til mange ulykker og enda fleire nestenulykker. Ein biltur ein tørr forsommardag gir eit skremmande syn, med bremsespor frå 20 til 200 meter før nesten kvar einaste avkøyring til venstre når folk kjem sørfrå, frå Arendal. Alle bremsespora er nestenulykker. Der noen av bilda er tatt har det også vore alvorlege ulykker.

På denne strekninga har det vore meir enn ti drepte dei siste ti åra. Alvorlege ulykker er også registrert, men det finst ikkje tal for mindre alvorlege ulykker og alle nstenulykkene. Målet er å få ein trygg veg – vekk frå 161 avkøyringar, vekk frå to barneskolar, ein vidaregåande skole, to kyrkjer, to barnehagar, ein idrettsplass, eit ungdomshus, eit misjonshus og mange landbruksvegar.

Statens Vegvesen har i e-post til Arendal Venstre fortalt at dei arbeider for å finne løysingar. Forbikøyringslommer kan vere løysinga noen stader mens vi ventar på ny veg. Ved Lona Listhøvleri og ved Landbruksskolen i Holt er det forbikøyringslommer, og der har eg ikkje sett bremsespor på fleire år.

Her er foto som viser alvoret, ein tilfeldig maidag 2008, altså i god tid før sommartrafikken kjem med halvannan gong så mange bilar i gjennomsnitt kvart døgn – og langt fleire som ikkje er klar over dei mange farlege av- og påkøyringane.

Myklebostad bremsespor 2

Foto: Jan Kløvstad

Frå avkøyringa til Gliddi, mellom Myklebostad og Nygård. Det har vore fleire nakkeslengulykker der, med folk som er påkøyrt bakfrå.

Holt skole bremsespor

Foto: Jan Kløvtad

Holt skole har farleg avkøyring, og det er ofte både bremsespor og glasskår ved avkøyringa og sør for avkøyringa.

E18 Bremsespor Moenvegen

Foto: Jan Kløvstad

Moenvegen like nord for Brekka. Her har det vore ulykker mens folk har stått og venta på å svinge opp Moenvegen.

E18 bremsespor Brekka 1

Foto: Jan Kløvstad

Noen av dei verste bremsespora er ved Brekka, like sør for den nedlagte Brenna varehandel. Til høgre går vegen til Austre Moland kirke. Til venstre må alle som skal til idrettsplassen, sagemoen og Brekkemoen, tndtak og alle 300 ryttarane som kvar veke er på Stall Siring krysse ein sterkt trafikkert E18.

Brekke bremsespor

Foto: Jan Kløvstad

Like før Brekka i Austre Moland sørfrå.

E18 Bremsespor

Foto: Jan Kløvstad

Holtebekk.

Dalen bremsespor 1

Foto: Jan Kløvstad

Like før vegen frå Dalen til Saltrød/Heftingdalen/Flosta er det fleire seriar med bremsespor, dei første 250 meter før avkøyringa og så med ujamne mellomrom heilt fram til avkøyringa.

Bjornesvegen bremsespor 1

Foto: Jan Kløvstad

Bjornesvegen, vegen både opp mot Skjævestad og Granestua og det nye bustadfeltet Lonaåsen er lett å varsle, med tett i tett med bremsespor dei siste 200 meter. Det har vore fleire ulykker her med påkøyring bakfrå. Det bur rundt 30 barn på Lonaåsen, og alle desse blir ofte frakta i bil – eller skal krysse E18.

Ytre Longum bremsespor 1

Foto: Jan Kløvstad

200 meter før Longum, med avkøyring både til venstre og høgre, er det kraftige bremsespor.

Nesheim bremsespor 2

Foto: Jan Kløvstad

Dei to siste bilda er tatt like sør for Nesheim skole. Her er det 96 elevar i skolen, over 30 i SFO (blir henta av foreldra midt i trafikken heim frå arbeid om ettermiddagen) og 11 barn i Nesheim barnehage.

Nesheim bremsespor1

Foto: Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**