Krav om straum til Gjøa frå Lutelandet

Fjaler og Askvoll Venstre krev i ein fellesuttale at Venstres stortingsgruppe held fast ved tidlegare vedtak om at straumforsyninga til Gjøa-feltet skal skje frå Lutelandet. Å velje Lutelandet vil vere eit svært viktig steg i arbeidet med å bygge ut eit attraktivt område for energi- og industriutvikling i Sogn og Fjordane — og såleis vere med på å gi fylket ein rettmessig del av verdiskapinga frå olje- og gassressursane i Nordsjøen, meiner dei to Venstre-laga som har stila uttalen til Gunnar Kvassheim — leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Straum til Gjøa-feltet frå Lutelandet

Lokallaga i Fjaler og Askvoll ber Venstre si stortingsgruppe halde klart fast ved tidlegare vedtak om at straumforsyninga til Gjøa-feltet skal skje frå Lutelandet i Sogn og Fjordane.

Ein samrøystes energi- og miljøkomite har tidlegare gått inn for at straumen til Gjøa skal leggast via Lutelandet — noko som låg til grunn då Stortinget i fjor gav StatoilHydro løyve til å bygge ut gassfeltet. NVE braut med Stortinget sine føresetnader då dei likevel gav StatoilHydro konsesjon på straumforsyninga frå Mongstad. Dette vart av fleire partar — m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune — anka inn for olje- og energiministeren.

Olje- og energiminister Åslaug Haga har no gjort det klart at Lutelandet skal veljast — samtidig som ho sender saka til Stortinget att i form av ei stortingsmelding.

Det viser seg å vere både teknisk mogeleg og miljømessig forsvarleg å hente straumen via Lutelandet — slik Stortinget tidlegare har sett som vilkår. StatoilHydro argumenterer med forseinking og fordyring av prosjektet. Vi meiner langt på veg at dette er StatoilHydro si eiga skuld — all den tid selskapet for eitt år sidan fekk klare signal både frå Storting, regjering og NVE om å konsesjonssøke leidning frå Lutelandet til Gjøa. Dette har Statoil-Hydro tydelegvis ikkje teke på alvor. Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi hevdar på si side at at dei klarer å få linene til Lutelandet ferdige i rett tid i høve til planlagd produksjonsstart på Gjøa.

Å velje Lutelandet som forsyningsbase av straum til Gjøa-plattformen vil vere eit svært viktig steg for å utvikle Lutelandet som eit attraktivt område for energi- og industriutvikling i Sogn og Fjordane — og såleis vere med på å gi fylket ein rettmessig del av verdiskapinga frå olje- og gassressursane i Nordsjøen.

Vi minner også om at ei straumforsyning via Lutelandet vil forsyne Gjøa med rein og fornybar vind- og vasskraft — i motsetning til gasskraft frå Mongstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**