E18 og ryggrad

“- Vi trenger politikere med ryggrad til å stå på at det er statens ansvar å bygge veier. Nå har vi to bomstasjoner i fylket, det får være nok”, seier nestleiar av NAF Aust-Agder, Dag Magne Johannessen til Agderposten.no 27. mai. Han hadde samla inn 200 underskrifter mot bompengar, – på bilmessa. Meir sensasjonelt er det vel at han må innrømme at det var eindel som IKKJE ville skrive under.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

Definisjonen av ryggrad kan vere så mangt. Johannessen og NAF har "ryggrad" til å forlange at andre skal betale alt. Venstre har "ryggrad" til å tåle noe av utgiftene med ein ny E18 sjølv.

NRK-Sørlandet fekk laga eit naivt og enkelt reknestykke med ingrediensane tal km ny veg Arendal-Tvedestrand, vegbreidde, årsdøgnstrafikk, bompengestasjonskostnadar og nedbetalingstid 15 år. Det var ikkje det bystyrefleirtalet ba om reknestykke på, fordi vi utmerka godt kunne rekne oss fram til bompengeprisen på eit slikt enkelt reknestykke sjølve.

Vi vil sjå strekninga Risør-Grimstad under eitt, innbetaling via antennesystem eller liknande nymotens greier utfrå køyrelengde, forlenga nedbetalingstid — og at dagens bomstasjonar vil bli fjerna omtrent på den tida ein ny veg kan vere ferdig. Det er derfor direkte feil av NAF å hevde at bystyrefleirtalet går inn for fleire bomstasjonar enn det er i dag.

Vedtaket om å få eit slikt reknestykke er eitt punkt av fleire i eit fleirtalsvedtak i Arendal bystyre. Det viktigaste i heile vedtaket er å vise kor viktig ein ny trygg og miljøvennleg E18 mellom Tvedestrand og Arendal er. Det nest viktigaste er å gi klart signal om at vi er villige til å betale delar av rekninga sjølv, fordi vi har sett at det er absolutt einaste måten å få statspengar til ny veg på. Og så har vi — for å understreke alvoret og det ansvaret vi vil ta for å forsøke spare distriktet vårt for dødsulykker og andre ulykker — ytterlegare forsterka saka med å be om å få vite kor mykje det vil koste for kvar enkelt bilist om vi som skal køyre vegen til dagleg skal betale heile vegbygginga.

Dagens E18 er farleg. Ta ein kikk på www.arendal.www.venstre.no – så kan både NAF-medlemer og andre sjå eit lite utval bremsespor fotografert på ein heilt vanleg maidag. Eg minner om at det var 6 dødsulykker i året før nye E18 i nordre Vestfold var ferdig i år 2000. På dei siste 7 åra har det berre vore ei einaste dødsulykke der.

Venstre har ryggrad til å ta ansvar for liv og helse, – og vi vil fortsette det aktive arbeidet for å få ein ny E18 — og samtidig legge til rette for at fleire tar buss og tog for å gjere trafikken både tryggare og meir miljøvennleg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**