Ikkje uventa er NAF-medlemene sterkt i mot 100% bompengefinansiering av ny veg. Det er også både Venstre. Vi er veldig glade for at 6 av 10 NAF-medlemer godtar 50% bompengefinansiering. Også regionsjef Karl W. Strandvik i Norges Lastebileier-Forbund sa på pressekonferansen at vi må godta bompenar for å få trygg veg.
Styreleiar Jarle Andersen leia pressekonferansen og la vekt på kor viktig det er at alle gode krefter samarbeider om å få ny veg. Tvedestrandsordførar Jan Dukene (Tvedestrand tverrpolitiske liste) og Venstres Jan Kløvstad var dei einaste folkevalte som hadde takka ja til den hyggelege innbydinga frå NAF og fekk mykje god informasjon om NAF-medlemene sine haldningar og NAFs samfunnspolitiske engasjement.
Les vidare i Agderposten om at NAF nå åpnar for bompengar.
Nå er den såkalla konsekvensutgreiinga om E18 Langangen-Grimstad snart ute på høyring i kommunane og fylkeskommunane. I november/desember skal Vegdirektoratet får gode råd frå høyringsinstansane, og innan slutten av januar håpar vi at regjeringa set inn klare formuleringar om planstart for E18 Tvedestrand-Arendal i Nasjonal Transportplan, slik Venstres Borghild Tenden ber om i Stortinget. I april 2009 skal Nasjonal Transportplan opp til behandling i Stortinget.
Venstre vil ha samanhengande trygg veg Oslo-Kristiansand, betre forhold for ekspressbussar, planstart for samankopling Vestfoldbanen-Sørlandsbanen og fjerning av dei verste trafikkfarlege forholda undervegs.