Ikkje lett å vere miljøvenleg med NSB

Følgjande historie er sjølvopplevd ein fin fredag sist i september:
På tog frå Trondheim til Oslo over Røros, avreise Trondheim 0950 er det signalfeil sør for Alvdal. Følgjen er forseinking. Korresponderande tog frå Hamar kl 1605 er uråd å nå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Og dette, som er intercitytoget Lillehammer — Larvik, kan heller ikkje vente til vi når fram ca kl 16.20, sjølv om dette toget allereie er 10 minuttar forseinka i Hamar. Følgjen er at vi reisande på Rørosbanen må ta 1705-toget frå Hamar, som både er foreseinka og stappfullt. For min del er konsekvensen at eg ikkje rekk eit møte i Oslo kl 1800, men kjem vel ein time for seint. Det er ein bagatell, denne gongen. Verre er det for Pietro, forskar ved NTNU i Trondheim, italienar, engelsktalande og ny i Noreg. Han skal til Gøteborg for å møte kjærasten sin. Ho er innvandrar frå Balkan, busett i Danmark, eit heftig haustmøte ventar to unge. Det er truleg ikkje ein bagatell. Siste tog til Gøteborg frå Oslo går kl 1800. Ordinært skulle Pietro og vi andre på Rørosbanaen ha kome til Oslo kl 17.34 og dermed ville han ha god tid til å skifte over til Østfold-/Gøteborgtoget på spor 18. Vi kjem til Oslo litt før kl 1900. Når Pietro då vender seg til billettskranken etter råd frå konduktørane, både på Rørosbanen og Dovrebanen, får han beskjed om at NSB er utan ansvar. Han har ingen rettar utover å ta neste tog, som går dagen etter. Årsak: Tida frå Rørostoget kjem til Hamar og neste tog skal gå, er berre 19 minuttar og overgangstida på rutetabellen er i Oslo berre 26 minuttar. Det er først ved forseinkingar utover ein halvtime at NSB har ansvar for å bringe folk vidare, får Pietro vite. Og det sjølv om Pietro har gjort det NSB ønskjer, nemleg å kjøpe billett på førehand på nettet der han ba om raskaste reise Trondheim – Gøteborg. NSB sine eigne nettsider kom da opp med følgjande tilbod:

09:50 Trondheim – 12:12 Røros – Overgangstid: 6 min.
12:18 Røros – 15:46 Hamar – Overgangstid: 19 min.
16:05 Hamar – 17:34 Oslo s – Overgangstid: 26 min.
18:00 Oslo s – 21:59 Gøteborg
Og dessutan følgjande melding nedst på nettsida(sitat):

Overgangstider ved bytte av tog
Vi oppgir alltid den korteste overgangstiden ved togbytte. Ønsker du lenger overgangstid klikker du på “Vis detaljer” for reisen du har valgt. Vi gjør oppmerksom på at kunden selv er ansvarlig for at valgt overgangstid er i henhold til våre transportvilkår

Tog

Foto: Wikipedia

Pietro følgde NSB si tilråding. Som alle oss andre var han ute etter effektiv transport, i hans tilfelle frå Trondheim til Gøteborg, og med kortast moglege overgangstider. Samla planlagt overgangstid var her 51 minuttar. NSB leverte flust med overgangstid, men var svakare på transporten. Og NSB fråskreiv seg ansvar for å ordne opp når dei ikkje leverte forventa teneste, "i henhold til våre transportvilkår".

Signalfeil, fulle tog og forseinkingar skjer litt for ofte og gjer det krevjande når ein entusiastisk skal argumentere for miljøvenleg transport. Pietro angra på at han ikkje tok fly. Ved viktigare ærend enn eg hadde denne gongen, er alterntivet bil for meg. Dessverre. Og det er ingen bagatell, for miljøet. Berre eit stødigare NSB kan hjelpe meg og andre til å reise meir miljøvenleg .

Stein Hoset,
Kommunestyremedlem for Venstre Alvdal
Styremedlem Hedmark Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**