– Vi må satse på Hovefestivalen og Canal Street, sa Venstre

– Det er ikkje hyggeleg verken for oss eller for Hovefestivalen å sjå så store røde tal etter to år med Norges største festival. Hovefestivalen er i kveld i konkurranse om å bli kåra som Europas beste musikkfestival. Hovefestivalen gir Arendal omtale, god reklame, i nasjonale og internasjonale medier.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Tusenvis av ungdommar over heile landet har vore på Hovefestivalen, enda fleire gleder seg til å besøke Arendal og Hove neste år, og i åra framover.

Dei fire millionane vi snakkar om i kveld, er tapt. Det er synd. Nå må vi forsøke å redde stumpane, og å gjere denne redningsaksjonen på ein slik måte at ungdom over heile landet får nye Hovefestivalar å sjå fram til, – og at vi har eit større håp om å kunne få tilbake noen av dei kommunale pengane vi har lånt til festivalen, sa Venstres Jan Kløvstad i bystyret i kveld.

Venstre godtar at vi nå tar denne støyten. Det er for å hindre at Hovefestivalen må gå den tunge Canossa-gangen til skifteretten. Å stemme for å ettergi gjelda nå er nødhjelp. Det er samtidig ei klar melding til lokalt, regionalt og nasjonalt næringsliv om at dei som verkeleg tener pengar på festivalen nå må trå til, om dei skal tjene gode pengar også i framtida.

Og ei nødhjelp her i dag er ei enda klarare melding til leiinga i Hovefestivalen: Nå må dere styre økonomien langt betre, nå må dere vise solid disiplin i budsjettarbeidet og ha langt større marginar å gå på om det skulle bli uver eller andre uforutsette ting.

Vi ser at festivalen skal bli kortare. Det er klokt. Vi ser at tal band kvar dag skal reduserast frå 18-19 kvar dag til 11-13 band kvar dag. Det er også bra. Vidare vil festivalen gjennomføre det festivalleiinga kaller “ekstrem kostnadskontroll”. Ja, det forlanger vi.

Fleire av dei som står sentralt i Hovefestivalen stod også sentralt i Quartfestivalen i Kristiansand. I 10 av 14 år klarte desse å drive i balanse eller overskot, berre fire år ga underskot. Vis oss økonomiske disiplin også på Hove!

Når Venstre nå går inn for å forsøke å hjelpe Hovefestivalen ut av hengemyra, har vi altså fleire krav til festivalen. Vi ber om at Hovefestivalen har som ambisjon å bli like konstruktive og framtidsretta i kampen mot rus som festivalen er for miljøet.

Til slutt: Forsking og erfaring viser at festivalar gir store ringvirkningar. Erfaring, blant anna frå Holstebro og Roskilde i Danmark og fleire andre kommunar, viser at dei kommunane som vågar å satse på kultur og utvikling i medgang og særleg i motgang har skapt grunnlag for ny vekst. Desse kommunane har satsa på kultur og festivalar, skapt ny vekst, gjort seg attraktive for nye arbeidstakarar. I løpet av noen år har dei også gjort den kommunale økonomien betre – til glede både for kulturlivet og særleg for dei som treng omsorg og støtte.

Göteborg er også eit godt eksempel på dette. Det er to typer utgifter: det er reine utgifter, og så er det utgifter til inntekts erverv. Å hjelpe Hovefestivalen — og Canal Street — er utgift til inntekts erverv, – ei investering.

Følg debatten på www.arendalstidende.no.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**