Innspel til kommuneplanen om Godøy

Godøy har eit totalt areal på 10.87 km2 noko som er 27.1 % av arealet i kommunen, og om lag 900 innbyggarar. Mykje av arealet er fjell, som ikkje er eigna til utbygging. Folketettleiken er på ca 80 innbyggarar pr. km2

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Godøy og Alnes, med den største turistattraksjonen i kommunen Alnes Fyr, har eit stort potensiale i vidare utvikling av reiselivsaktivitetane i kommunen. Det bør tilretteleggast for bobilcamping og eit servicesenter med tømestasjon ved utgangen av Alnestunnelen.

Området på Furkenholmen, som opphavleg var eit gammalt fiskevær , bør ein utvikle med tanke på utbygging for reiseliv. Furkenholmen ligg strategisk til langs "turistruta" mellom Giske Kyrkje og Alnes fyr. Alnes er nærmast sprengd og treng avlastning i sommarmånadene, og med eit breiare tilbod, bynært, flynært og gratis tunnelar, er moglegheitene mange for heilårsdrift. Dette vil få ringverknader for heile kommunen.

Det må etablerast ei buffersone mellom Leitebakk byggefelt og landbruksarealet på vestsida. Det vil gje rom for gangveg, turveg, sikker akebakke og skiløype.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**