Aust-Agder Venstre – landets åpnaste parti?

Nå kan alle – uansett om dei stemmer Venstre eller ikkje – gi eit råd til Venstres nominasjonsmøte 10. desember. På www.venstre.no/austagder kan DU stemme på Anne Solsvik eller Øystein Haga. Norske nominasjonsprosessar er dominert av dei lukka rom, og det er få menneske som legg premissane og tar avgjerdene. I Venstre vil vi ha åpne linjer, vere gjennomsiktige og åpne, seier Jan Kløvstad, leiar i nominasjonsnemnda.

Gå inn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


her og stem!

Anne Solsvik

Foto: Arendal Venstre

Presentasjon av Anne Solsvik finn du her.

Øystein Haga

Foto: Venstre

Presentasjon av Øystein Haga finn du her.

Og meiner du at ingen av desse bør vere førstekandidat, kan du også stemme for det. Det kan auke spenninga om førsteplassen 10. desember.

I 2005 var Venstres førstekandidat inn og ut av Stortinget store delar av valgnatta, og sluttresultatet var at vi mangla berre 116 stemmer på å erobre utjamningsmandatet frå Aust-Agder. I oktober 2004 – eit knapt år før stortingsvalet 2005 – hadde Venstre i snitt 2,8% på meiningsmålingane. Nå i oktober 2008 var gjennomsnittet 6,6%. Vi er altså meir enn dobbelt så store som før sist stortingsval.

Det er gode sjansar for at Venstres førstekandidat kan bli stortingsrepresentant.

DU er med dette invitert til å seie DI meining!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**