Enorm respons på nettavstemming om Solsvik og Haga

372 forskjellige personar har stemt på toppkandidatane Anne Solsvik, Arendal og Øystein Haga, Grimstad på Aust-Agder Venstres heimeside på fire døgn! Foreløpig er det Anne Solsvik som har fått

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


flest stemmer med 65% av stemmene. Øystein Haga har også passert 100 stemmer og har 27% oppslutning så langt.

Anne Solsvik

Foto: Jan Kløvstad

Øystein Haga

Foto: Venstre

– Resultatet er særleg imponerande når vi hugsar på at det berre kan stemmast ein einaste gong frå kvar datamaskin og IP-adresse, seier leiar Jan Kløvstad i nominasjonsnemnda. Det vil seie at om éin person på ein arbeidsplass stemmer, kan ingen andre på same arbeidsplass stemme. Det vanlege i nettavstemmingar er at folk kan stemme ein gong om dagen frå kvar maskin. Vi hars ettd ette i alle avstemmingar på heimesidene til avisene, der det som regel er kampanjar og vennekretar som “tar over” avstemmingane ved å stemme kvar dag heimanfrå og frå arbeid i heile avstemmingsperioden.

Den store oppslutninga om den uhøgtideleg venstretevlinga er derfor eit sunt – og imponerande – teikn på stort engasjement frå mange forskjellige menneske, ikkje ein tradisjonsell repetisjonsøving frå noen få godt organiserte aksjonistar, seier Jan Kløvstad.

Nettavstemminga gjeld berre Anne Solsvik og Øystein Haga, som nominasjonsnemnda har plassert på topp-plassen på listeforslaget. Avstemmingsmodulen gjer det ikkje mogleg å ta med for eksempel alle fem som er foreslått på førsteplass frå lokallaga. Derfor er verken Arnt Gunnar Tønnessen, Olaf Engestøl eller Lars Thoresen med i den uhøgtidelege delen av prosessen som foregår på Venstres nettsider.

Har du ikkje stemt ennå? Gå inn her og stem!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**