Framdrift i E18-arbeidet

– Arbeidet med å få ein ny miljøvennleg og trygg E18 mellom Arendal og Tvedestrand går stadig framover, sier venstres Jan Kløvstad som er med i planleggingsgrupper omkring ny E18. – Det viktigaste nå er å få inn ein merknad i Nasjonal Transportplan om at det skal vere pengar til planlegging frå staten. Samtidig har staten eit krav om såkalla “mulighetsanalyse” om

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


skal kartlegge finansieringa. Både Arendal bystyre og Tvedestrand kommunestyre har sagt ja til delvis bompengefinansiering, og denne analysen skal vise ulike finansieringsmodellar. For å få dette til har Vegvesenet også – endeleg!- laga forslag til ÉIN mogleg trasé. Den endelege traséen blir eit resultat av samspel mellom vegvesenets faglege råd og politisk behandling i dei to kommunestyra. Det er håp om å ha “mulighetsanalysen” på plass innan utgangen av januar 2009, mens arbeidet med å få strekninga inn i Nasjonal Transportplan blir avgjort formelt med stortingsvedtak våren 2009. Utfrå den kontakten fleire folkevalte i Arendal og Tvedestrand har hatt med stortingsrepresentantar frå fleire parti er det optimisme.

Traséen vegvesentets fagfolk nå har teikna er kostnadsrekna heil foreløpig med pluss/minus 25% til rundt 3 milliardar kroner.

Det gode med traséen er at den tar minimalt eller kanskje ingen hus, at den tar heilt minimalt eller kanskje ikkje noe dyrka mark, at den går nær kysten, at den er foreslått i tunnel gjennom friluftsområda i Arendal øst og at den er like kort som dagens trasé.

MEN INGEN DETALJAR ER ALTSÅ VEDTATT ENNÅ. DET SKAL DET LOKALE DEMOKRATI ARBEIDE VIDARE MED!

Her er Arendals Tidende om saka i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**