Udlabua

Kommunestyret vedtok nyleg å utbetale eit tilskot til Nortura i høve rivinga av “Udlabua”. Grunngjevinga var at kommunen kan ta tomta i bruk straks. Kva vil så det politiske fleirtalet nytte tomta til?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Voss Venstre tek til etteretning at kommunestyret den 27.11 under sak 100/08 stemte samrøystes for å løyse ut “Udlabua” tomta.

Blant anna FrP ved Leif Arne Vangsnes kommenterte at dette var greitt så lenge tomta blei teken i bruk snarast. Også AP ved Tove N. Ødegård ynskte rask disponering av tomta med tanke på ei mogeleg utbygging av omsorgsbustadar.

Det gleder oss å sjå at både FrP og AP kjem i tale knytt til ei sak Venstre allereie har purra på to gonger!

Ein treng ikkje alltid vere størst for å sjå løysingar.

Knut Olav R. Nestås
Kommunestyre representant for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**