Informasjonssenteret for sjøfuglvern

Etter oppmoding frå Askvoll Venstre stiller Gunvald Ludvigsen følgjande spørsmål til miljø- og utviklingsminister Solheim: Korleis er startløyvinga på ein million kroner til informasjonssenteret for sjøfuglvern på Værlandet i Askvoll kommune nytta og kva løyvingstakt for restløyvinga legg departementet opp til?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Grunngjeving:

Informasjonssenteret for sjøfuglvern på Værlandet, i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane er kostnadsrekna til omlag 11 millionar kroner. Finansieringa er tenkt løyst med lokale, fylkeskommunale og statlege midlar. Initiativtakarane har søkt om ei statleg løyving (frå Miljøverndepartementet) på 3,6 mill. kr over tre år. I budsjettinnstillinga for 2007 fekk informasjonssenteret positiv omtale, men inga løyving. I budsjettet for 2008 vart det derimot lagt inn ei startløyving på 1 mill. kr. Denne løyvinga vart tolka som at heile søknaden var innvilga og at restløyvinga ville kome dei to påfølgjande åra. Det er ikkje avsett noko eksplisitt løyving i 2009-budsjettet til dette prosjektet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**