Mange utfordringar i vente for Voss Venstre!

Kommunestyret i Voss vedtok 09-budsjettet stort sett samrøystes. Men først var m.a. einskildframlegg frå Venstre stemt ned. Første informasjonsbrevet i 09 frå Voss Venstre fortel meir om dette og aktuelt i desember, men og om arbeidet framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


INFO.BREV 1/09
Vi ønskjer alle Venstremedlemmer og — sympatisørar eit godt nytt år, og Venstre eit godt år, både lokalt og i Stortingsvalet til hausten! Og velkomen til kontakt og innspel om politiske saker og arbeidet i laget!

Største politiske saka siste månaden var budsjettet i kommunestyremøtet 11.des.. Fleirtalskonstellasjonen Ap., Sp og Sv hadde alt i Formannskapet 3 veker før snekra saman eit framlegg, som dei berre gjorde mindre endringar i. Dei andre partia blei informerte om seinare endringar i dette, og vi sende også våre framlegg til dei andre gruppeleiararane før KST-møtet. Dvs. eit langt betre opplegg enn i nov./des. 07!.

Men AP, SP og SV stod deretter fast på sitt framlegg, så alle einskildframlegg frå dei andre partia blei nedstemde, unntatt eit verbalframlegg frå H og Frp, og eit verbalframlegg frå Venstre! Kommentarar i pausen frå einskilde fleirtalsmedl. tyda på at det i fleire tilfelle var meir snakk om"avtalen" enn realiteten i endringsframlegga. Eigentleg ganske forstemmande!

Venstre hadde nokre tilleggs-/endringsframlegg. Etter at samla framleggfall, fall også einskildframlegga då det blei røysta over kvart punkt i desse:
Auke utgifter: Inndekning
1. Styrka tilbod til barn med særlege beho 100.000 Auka eigdomssk. 100.000
2a Lønsmidlar/lærarstillingar 400 000 Auka eigedomsskatt 300.000
Statstilskot vaksenoppl. 100 000
2b.Inventar/utstyr grunnskule 300 000 ” 100 000 1 Redusert renteutgift 200 000
3. Fritids- og idrettstilbod fu.hemma 30 000 Redusert renteutgift 30 000
4. Planarbeid kulturplan 40 000 Redusert renteutgift 40 000
5 Planarbeid nytt bade- og symjeanlegg 40.000 Redusert renteutgift 40 000

Då investeringsbudsjettet, nær sagt som vanleg, hadde fått ei relativt overflatisk behandling, fremja Venstre følgjande framlegg:
“Det skal i vårhalvåret leggjast fram ei eiga sak om investeringar i resten av økonomiplanperioden.”
Heller ikkje dette fekk fleirtal. Det same galdt eit verbalframlegg om:
“Kommunestyret ber om å få ei utgreiing om kjøkkentenestene for institusjonar og heimetenester i Voss, vedk. tradisjonelt kjøkken og middagar levert etter kok-/kjølmetoden. Utgreiinga skal også omfatta mogeleg etablering av eit felles kjøkken som også produserer etter kok-/kjølmetoden. Utgreiinga må klargjera mulighetene for samarbeid om dette med Voss sjukehus, Hagahaugen og institusjonar i nabokommunar m.v..”

Derimot blei følgjande framlegg samrøystes vedtatt:
“Kommunestyret ber om å få eiga sak med vurdering av organisering av vidare arbeid for høgre utdanning i Voss.”

Formannskapet/utval for plan og økonomi (FPL) hadde møte 18.des., med fleire interessante og viktige saker. I ei orienterings- og drøftingssak om ny kommunedelplan for Myrkdalen etterlyste eg konsekvensar av den planlagde store utbygginga for trafikk- og energitilhøve. Det kom ingen kommentar til dette.

Fleire framlegg frå Venstre blei vedtatt: "Time-out" for å få ei utgreiing om omtvista spørsmål vedk. reklame, fasadeskilt o.l. , at utgreiing om skulestruktur i sentrum skulle gå via utval for levekår til kommunestyret, og ei meir presis formulering av vedtak om Ringeriksbanen. (Når det gjeld spørsmålet om fasadereklame, var dessverre bildet i "Hordaland" 24.12 ganske misvisande, idet reklamebukkar på fortauet stod i fokus. Det eg karakteriserte som meir "opplysningsskilt" var to skilt på veggen ved sida av døra til 2. etasje.. Reklamebukkane sa eg burde vekk!)

Eg hadde elles spørsmål til ordføraren i FPL-møtet om situasjonen for "Vossameny" — då det i orientering i KST 11.12. kom fram at den økonomiske situasjonen var dyster, samstundes med stor, og aukande, interesse for produkta, vidare om situasjonen for Styve gard (rusbehandlingsprosjektet) der. Her hadde ordføraren sendt brev til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Vi minner elles om at den nye/reviderte klima- og energiplanen har høyringsfrist 9. jan..(Tidsplan for vidare politisk behandling er ikkje kjent.) Er usikker på om den er nok framtidsretta/dekkjer dei utfordringane Voss kommune bør ta opp. Nokon som har lyst og høve til å gå gjennom denne?? (Jfr. og programmet vårt.)

No i januar har formannskap/utval for plan og økonomi (FPL) møte den 15., utval for næring og tiltak 20., utval for miljø og kultur 22..og kommunestyret 29..

I haust hadde Venstre gruppe-/styremøte før dei fleste møta i FPL, m.a. avdi dei fleste sakene til KST kjem her først. Men det er ønskjeleg med samrådingsmøte også før einskilde møte i utvala for miljø og kultur, og næring og tiltak. Med eit par vanlege lagsmøte i tillegg, kan møteaktiviteten bli svært høg!! Dvs. at vi i større grad vil la sakene avgjera når vi skal ha møta. Men tirsdag vil vera den vanlege møteaktiviteten. Og hugs at interesserte også er velkomne!

Styret i Voss Venstre fastsette elles i møtet 5.jan.at det blir eit lagsmøte tirsdag 20. Her skal det veljast utsendingar til nominasjonsmøtet for Hordaland Venstre 6.febr.. Hovudsaka blir likevel å drøfta politikk og politiske prioriteringar framover, både for Venstre generelt og i Voss! Dvs.
– Framlegg til Stortingsvalprogram for Venstre, som skal vidarebehandlast i fylkesårsmøtet 7.-8.febr.. (Kva meiner du om EU-medlemsskap??)
– Kva saksfelt bør Venstre satsa på i Voss framover? (I styremøtet 5. jan blei kultur, næring og klima/energi trekt fram.)
Velkomen!!
Torstein Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**