Mykje “trafikk” på heimesidene til Voss Venstre!

Underteikna informerte under sist styre/lagsmøte om den gledelege utviklinga heimesidene våre har hatt den siste tida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


F.o.m midten av oktober lanserte Venstre.no eit nytt statistikkverktøy, dette gjer at ein kan følgje med på kor mange som er innom dei forskjellige lokallaga sine heimesider.

Voss Venstre hadde frå midten av oktober til slutten av desember, 135 unike brukarar. Desse 135 gjestane vitja oss 171 gonger og leste totalt 391 saker. M.a.o: gjestane våre leste ca. tre saker pr.vitjing(2,89 for å vere pinleg nøyaktig).

I januar kan den gode statistikken bekreftast, me har hatt 40 unike brukarar(pr.21.01.09), 74 vitjingar og 146 leste saker.

Me må ha tatt heilt av! På vegne av styret i Voss Venstre og kommunestyregruppa takkar eg alle lesarane våre for å følgje godt med, og for at de held oss i øyrene. Sist, men ikkje minst: I denne anledning, ynskjer eg å rette ein spesiell takk til Torstein Gunnarson som har i tide og utide oppdatert heimesida, han har og i seinare tid fått ungdommen med(les: underteikna).

Med liberal helsing

Knut Olav Nestås
For styret i Voss Venstre
Kommunestyrerepr.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**