Bystyrefleirtal for fortsatt eigarskap av Sørnorsk filmsenter

Eit fleirtal i bystyret avviste forslaget frå ei arbeidsgruppe for kommunalt eigarskap om at Arendal kommune skulle gå ut av Sørnorsk filmsenter. Venstres Jan Kløvstad presenterte det nystarta filmsenteret,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


og syntest også det ville vere oppsiktsvekkande om bystyret i februar 2009 går ut av eit samarbeid som bystyret meldte seg inn i for berre eitt år sidan.

Framstegspartiets Anders Kylland og Arne Austenå argumenterte for å gå ut av Sørnorsk filmsenter, – og av Agder Teater, Canal Street og Arendal Festival Supply.

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

I avstemminga stemte alle parti, bortsett frå Framstegspartiet for å fortsette eigarskapen i Sørnorsk filmsenter. Venstres Jan Kløvstad er Arendal bystyres styremedlem i filmsenteret, med Amira Rizvanbegovic Pedersen som varamedlem.

Amira R. Pedersen

Foto: Arendal Venstre

Om heile saka, sjå sakspapiret.

Les også Agderposten.

I ei gruppe for oppfølging av eigarskapsmeldinga blei Tormod Vågsnes, Anders Kylland og Vigdis Thorbjørnsen valt, med Jan Kløvstad, Einar Halvorsen og Benedicte Nilsen som personlege varamedlemer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**