Arendal Venstre på plass i Rosengård i Malmö

– Fattigdom er eit langt større problem enn islam i Rosengård i Malmö, seier gruppeleiar Jan Kløvstad i Arendal Venstre etter å ha besøkt den mykje omtalte bydelen Rosengård i Malmö.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Jan Kløvstad i Rosengård i Malmö 1

Foto: Hans Olav Hodøl

Rosengård er ein stor bydel fullstendig dominert av store grå og einsformige blokker. – Kva er problema, spurte eg fleire eg møtte både i Rosengård og i Malmö sentrum. Svara viser at Rosengård ikkje er noe paradis. Mange bustadblokker er i dårleg stand. Norsk og svensk fjernsyn har vist kakerlakker, fukt, astmasjuke barn og andre helseskader som følgje av eigedomsspekulasjon, dårleg vedlikehald og dårleg byggeri. Ein drosjesjåfør fortel at han ikkje alltid kjenner seg like trygg når han skal køyre inn i ei gate dominert av polske og tsjekkiske sigøynarar midt på natta. Bydelstilsette fortel om ein stengt ungdomsklubb, og at 80% av ungdommane som demonstrerte mot stenginga var etnisk svenske middelklasseungdommar. Alle kan fortelle om arbeidsløyse, om asylsøkarar og flyktningar som bur hos trangbudde slektningar mens dei ventar på svar på søknadane sine. Noen fortel om bydelens store son, fotballspelaren Zlatan Ibrahimović, som har vore med på å lage til fotballøkker, der han også dukkar opp sjølv ein gong i mellom. Det heng plakatar med bilde av Zlatan mange stader i bydelen.

Jan Kløvstad og plakat med Zlatan Ibrahimović i Malmö

Foto: Hans Olav Hodøl

Det er mange muslimar i Rosengård, og bydelen har Sveriges einaste kommunalt tilsette iman. Det er også mange muslimar som slit med å finne ein eigen identitet i all fattigdommen og arbeidsløyse, i dårlege bustadar og i eit miljø der mange svenskar har flytta frå nettopp dei dårlege leiligheitene.

Forskingsrapport?
Frp viser til ein forskingsrapport, ein forskingsrapport som er veldig omdiskutert. Den hardaste kritikken mot rapporten er at den er noe så sjeldan som ein forskingsrapport frå svenske Forsvarshøgskolen som ikkje refererer ei einaste kjelde det er mogleg å kontrollere. Men det er kanskje eit framsteg at Frp viser til noe som noen kallar ein forskingsrapport? I heile klimadebatten har jo partiet konsekvent fnyst av alle seriøse forskarar som har påvist klimaendringar. I debattane om likestilling på Sørlandet seier stortingskandidat Ingebjørg Godskesen (seinast i formannskapet i Arendal 19. februar) at ho ikkje kan ta hensyn til såkalla forskingsrapportar, fordi ho sjølv har ei anna oppfatning. Men i Malmö har partiet altså funne ein forskingsrapport som lokale og regionale fagfolk ikkje kjenner seg igjen i…

Kort oppsummert:
Det er problem i Rosengård, alvorlege problem. Hardt plaga sigøynarar frå Polen og Tsjekkia bur i ei gate der drosjesjåførar ofte kvier seg for å køyre inn nattestid i helgene. Men det bur ingen muslimar i den gata.

Svenske ungdommar demonstrerte mot ein stengt fritidsklubb, – og få muslimar var med i demonstrasjonen.

Dei store bustadblokkene er prega av forfall, mugg og fukt – og ingen av blokkene er bygt av muslimar.

Men det bur muslimar i bydelen, og da er det vel tryggast å gi dei skulda for alt som måtte vere gale?

Fanatiske islamistar er ei fare for demokratiet. Vanlege moderate muslimar er ikkje eit problem, og skapar ikkje problem. La oss ta kampen for ytringsfridomen, kampen for å vere ulike, kampen mot fattigdommen – og kampen mot å stemple heile folkegrupper som skumle fiendar.

Det ser ut til at ein delegasjon frå Frp skal besøke Malmö og Rosengård denne veka. Dei vil ikkje få sjå eit glansbilde. Dei bør lytte godt både til fagfolk og folk i gata. God tur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**