Venstre meiner Arendal skal ta imot fleire mindreårige flyktningar, men tapte i bystyret

– Venstre vil auke talet mindreårige flyktningar frå 10 til 15, foreslo Jan Kløvstad i Arendal bystyre torsdag. Venstre peika på at over 700 einslege ungdomar sit i mottak og ventar på å nærme seg eit normalt liv i ein normal kommune i eit fredeleg og trygt land. I debatten fekk Venstre støtte frå Senterpartiets møtande varamedlem Kåre Gunnar Fløystad, men Framstegspartiet berre ville ta imot 10 mindreårige og ingen fleire flyktningar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

– Vi veit det er eit stort ansvar å ta imot mindreårige einslege, men vi kan ikkje sitte stille og sjå at ungdom blir sittande månad etter månad, år etter år i mottak, seier Jan Kløvstad, som peikar på at desse ungdommane har rømt frå krig, fattigdom og undertrykking, mange av dei med fare for eige liv og med ein ungdoms naturlege og vanlege håp om ei tryggare framtid. – Vi har ein god kommune, vi har dyktige fagfolk, vi har eit frivillig apparat med god tradisjon for flyktningeguidar, vi har ei solid voksenopplæring og anna skolesystem som kan gi ungdommane norskkunnskap og eit normalt liv blant jamnaldrande og i eit normalt samfunn.

Sjølvsagt krev fleire av ungdommane oppfølging, og noen av dei har traumer med seg i bagasjen som vi ikkje veit alle følger av. Men vi må stille opp, og gi dei ein sjanse, seier Jan Kløvstad som fremmer forslaget på vegner av Venstres bystyregruppe. Han viser også til at det økonomiske reknestykket for ta imot 10 mindreårige flyktningar viser at staten dekker det som er rekna som normale utgifter fullt og heilt, og at same prinsippet gjeld ved å ta imot 5 til. – Det er viktig at vi ikkje klumpar alle 15 saman, men deler dei for eksempel i tre avdelingar fram til vi kan få kvar enkelt ungdom i fosterfamilie eller i heilt vanleg bustad for ungdommar når dei er i den alderen. La oss gi 15 ungdommar sjansen til ei ungdomstid, til skolegang, til idrett, kulturliv og til vere ein del av Arendal, seier han.

I omsorgskomiteen stiller Venstre forslag om
– å auke talet mindreårige flyktningar frå 10 til 15
– å kjøpe tre hus i staden for to
– å tilsette tre ansvarlege i staden for to.

Venstre støttar rådmannens forslag om å ta imot 75 flyktningar i 2009, eit forslag som er heilt i tråd med flyktningeplanen i kommunen.

Meir om mindreårige i informasjonsbrev frå IMDI.

Rådmannens sakspapir om busetting av flyktningar kan du lese her.

I omsorgskomiteen blei Venstre ståande aleine i ønsket om å ta imot 15 mindreårige flyktningar. Dei andre partia stemte for 10.

I bystyret fekk Venstre støtte frå Senterpartiets Kåre Gunnar Fløystad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**