E18 — nå startar arbeidet for alvor!

Vi har feira med flagg og kake, og har spadene ståande klare. Dei viktige setningane er komne inn i Nasjonal transportplan 2010-2019, på side 223:
"Oppstart på utbygging av E18 til firefelts veg på strekningen Tvedestrand-Arendal i Aust-Agder. Etter åpningen av OPS-prosjektet Grimstad-Kristiansand vil dette være den strekningen på E18 gjennom Agderfylkene med dårligst standard. Prioriteringen er betinget av at det blir tilslutning til et opplegg for delvis bompengefinansiering."

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

Øystein Haga i E18-aksjon

Foto: Jan Kløvstad

Nasjonal transportplan gir oss ikkje tidsramme, heller ikkje konkrete pengesummar. Det er nå arbeidet startar for alvor. Alt arbeid har same målet: Ny og trygg E18 med null ulykker så raskt som mogleg.

Det viktigaste nå er å samle oss. Vi må legge frå oss ytterpunkt som bomfri seks felts motorveg til Oslo (Frp-representant i fylkestinget) og midtdelar på dagens to felts E18 gjennom bu- og landbruksområda med 161 av- og påkøyrsler i Austre Moland og Holt (SV i Arendal). Alle må bli med i eit felles arbeid for det som kan samle.

Alternativa er enkle nok:

Enten står vi saman om trasé, firefelts veg, delvis bompengefinansiering og raskt arbeid, og kan få ein veg utan 2-3 dødsulykker og 10-15 andre ulykker pr år kanskje før 2017.

Eller vi bruker tida på urealistiske alternativ og får ingen fleire kilometer med verken trygg veg eller framtidsretta jernbane her sør, men sender pengane vestover og nordover og står igjen med nederlag og ulykker.

Venstre ber nå om at Vegvesenet kaller inn samarbeidsgruppa mellom Vegvesenet, fylkeskommunen, Arendal og Tvedestrand. Vi må finne planleggingspengar og/eller dei beste hovuda til å starte den nødvendige kommunedelplanen og reguleringsplanen straks. Tre forhold er viktige: traséen, lokal medfinansiering og tidsplanen.

1. Traséen
Vegvesenet har lansert éin mogleg strek på eit kart for å finne ut kor mykje ein veg vil koste. Vi kan sjå av dette første forslaget at vegvesenet forsøker å få vegen lengst mogleg vekk frå folk og hus, dyrka og dyrkbar mark, vassdrag og drikkevatnkjelder. Vegvesenet vil ha tunnel gjennom store delar av dei viktige friluftsområda nordaust for Arendal sentrum, og forsøke å avlaste kystvegen utan at dei endelege løysingane er funne ennå. Vegen skal bli 19 meter brei, med dei livsviktige midtdelarane. Vegvesenets jobb er å utarbeide planen. Alle berørte partar skal kome til orde. Kommunane skal medverke, behandle forslaget først administrativt og så i folkevalte organ.

2. Lokal medfinansiering
Parallelt skal dei to kommunestyra ha første behandling av ein såkalla "mulighetsstudie", der fagfolk nå reknar på kva vegen vil koste. Det blir rekna på ulike modellar for statleg finansiering og brukarbetaling ved antenner og liknande moderne avløysarar av gamaldagse og særs lite kostnadseffektive bomstasjonar. Eg vil minne om at over 60% av NAFs medlemer i Aust-Agder i ei medlemsgransking har godtatt delvis bompengefinansiering, og at Nasjonal transportplan fortel oss at " Prioriteringen er betinget av at det blir tilslutning til et opplegg for delvis bompengefinansiering."

Nei til bompengar er altså dessverre også eit nei til ny veg, – og eit bevisst ja til å fortsette med stadig fleire tragiske ulykker på E18 mellom Arendal og Tvedestrand i mange, mange år.

3. Tidsplanen
Det er vanskeleg og kostbart arbeid som står foran oss. Vegvesenet har ein foreløpig tidsplan med spaden i jorda i 2018. Utfordringa vår nå er å arbeide så raskt at vi har kommunedelplanar og reguleringsplanar klare innan utgangen av 2011. Da kan vi få pengar tidlegare og kan starte anleggsarbeidet i 2014. Da kan vegen vere ferdig i 2017.

Målet er ny og trygg E18 med midtdelar, utan dødsulykker og andre alvorlege ulykker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**