– Godt forslag til helsereform, men for høge økonomiske forventningar

– Det er mykje godt i Bjarne Håkon Hansens forslag til helsereform, men eg trur vi skal vere forsiktige med å tru at vi skal spare mykje pengar på kommunebudsjettet. Vi skal ikkje forplikte oss til store kommunale investeringar og driftsutgifter før vi veit noe meir konkret. Høgre har denne veka lagt fram ti krav til reformen, krav som minner mykje om det Venstre sa for fleire veker sidan, sa Venstres bystyremeldem og omsorgskomitemedlem Jan Kløvstad i bystyret i kveld.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


– Venstre vil først se kva som kjem i stortingsmeldinga og ikkje spenne forventinga så høgt alt nå. +/- 100 mill høyrest flott ut, men det er lenge til ein er der …..

Det er eit godt forslag å ha ei sterk politisk oppnemnt nemnd til å følge prosessen, og også følge Tove Skyttemyrs forslag om at sjukehuset skal vere med i nemnda.

Det viktigaste er at ein finn ut på kva område kommunane (enkeltvis eller i fellesskap) faktisk kan erstatte bruken av sjukehus (ta heim utskrivningsklare pasientar, hindre innlegging av eldre frå sjukeheimar eller anna). Neste spørsmål er korleis ein skal få dette til – kva må gjerast av investeringar i kompetanse, bygg og utstyr?

Det er viktig at utvalet kommuniserer med bystyret. Endå viktigare er det at utvalet kommuniserer med Sjukehuset Sørlandet – ikkje minst for å få eit realistisk grep på kva område kommunalt tilbud kan erstatte bruken av sjukehus.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**