Sommarbrev frå Voss Venstre

Også i mai og juni fekk Venstre eit par gode oppslag i lokalavisa “Hordaland” i samband med temamøte om kultur og Gunn Vivians besøk på Voss sjukehus. Lokalpolitikken hadde nemleg ikkje dei store stridssakene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


09.07.09
SOMMARBREV 2009
(Info.brev 6/09)
Dette info.brevet dekkjer både mai og juni 09 — dessverre fekk vi ikkje skrive ut eitt for mai. Men det betyr ikkje at Voss Venstre sine politiske representantar tok tidleg ferie!

Drøftingsmøtet 12. mai om "Kulturbygda Voss" blei vellykka! Bra frammøte (knappe 30), gode meiningsutvekslingar, og stort oppslag i "Hordaland"! Etter sommaren blir notat frå møtet sendt til gruppeleiarane i dei andre partia, og til leiar i Utval for miljø og kultur.

I styremøtet 17.juni var det semje om at næringsutvikling skulle vera eit sentralt tema for Voss Venstre til hausten, og dessutan kultur og lokaldemokrati

Frå kommunestyremøtet 28. mai kan nemnast at kommunestyret samrøystes vedtok eit framlegg frå Venstre om at neste års årsmelding burde ha ei meir einskapleg oppbygging og med klarare statusvurderingar. I saka om parkeringsløyve for flyttingshemma — opphaveleg tatt opp av Venstres Rolf Abrahamsen i tilknyting til årsmeldinga for klageutvalet — fekk eit fellesframlegg frå Venstre og Senterpartiet full tilslutning frå dei andre partia, dvs. blei eit omforent forslag, som så blei samrøystes vedtatt. Ein meir liberal tildelingspraksis skal no nyttast .

I kommunestyremøtet 18. juni føreslo Venstre at det berre skulle søkjast om å kjøpa 1 flyttbar "musikkbinge". Formannskapet hadde innstilt på 2, mens utval for miljø og kultur heller ville ha budsjettet sitt auka med tilsvarande sum (350.000). Venstre uttrykte ein generell skepsis til statleg styrte einskildprosjekt innan kulturen — kommunen bør heller ha meir midlar til eigen prioritering! (2 blei vedtatt.) Eit høyringsframlegg til fylkesdelplan for små vasskraftverk vekte debatt. Då det kom i møtet kom fram at fylkesutvalet — dvs. FRP, H, SP og Ap – hadde gjort fleire endringar i fagframlegget, føreslo Venstre saka utsett. Men berre SV og Raudt støtta V.

Anne Jorunn Ryum Møen frå Venstre fekk fleirtalet i Utval for miljø og kultur med seg på at utvalet skulle ha synfaring før behandling av ei klage over bygging av veg i Ljosanbotn (Mjølfjell) mot Borgarbu. Men fleirtalet i MKU støtta ikkje klagen — så det blir lang veg!

Valet nærmar seg! Voss Venstre har vore repr. på eit par drøftingsmøte i Bergen, der vi m.a. fekk eit samandrag av analyse av siste vala. Vi vil prøva å laga ei kort oversikt for V-saker i Voss, for å visa samanhangen i Venstres politikk lokalt og sentralt.

Som del av valkampen har Gunn Vivian Eide, 3. kandidat på Hordalandslista, besøkt Voss sjukehus. "Hordaland" for 30.juni hadde fyldig og fin dekning.

Laurdag 15. august opnar Hordaland Venstre sin valkamp på Torgalmenningen! (Bli med!)

Elles vonar vi at mange vil hjelpa til med stands og brosjyreutdeling i aug. — sept.! Likeså viktig er at du snakkar vel om Venstre til familie og kjende no i sommar!

Framhaldande god sommar!

Beste helsing Torstein Gunnarson (gruppeleiar) Knut Olav Nestås (lagsleiar)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**