Hestesenteret er redda!

Med 26 mot 13 stemmer vedtok Arendal bystyre i går kveld å stoppe all vidare planlegging av skytesenter ved Snøreismyr like ved Stall Siring i Austre Moland. Dette betyr for det første at dei 300 barn og unge som rir på hestesenteret kvar veke kan sjå lyst på framtida, og for det andre betyr det at vi må sette all krefter inn på å få eit konstruktivt samarbeid med Froland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Hest på Nordtvet gård

Foto: Linn Beate Kaald Thoresen

kommune for at Arendal kan kjøpe seg inn i skytesenteret ved Uvann. Dette har Venstre foreslått sidan 2004, og vi håpar at alle gode krefter vil samle seg i arbeidet med å få eit stort, godt og framtidsretta skytesenter med eigne klubbhus/lokaler for dei forskjellige skyttarlaga. Eigne lokaler er viktig for å kunne halde på og utvikle dei gode miljøa i kvar enkelt organisasjon.

Dei som stemte mot skytesenterplanane på Snøreismyr var Venstre, Høgre, Kristeleg folkeparti, Sosialistisk venstreparti, Pensjonistpartiet, dei fleste i Arbeidarpartiet og uavhengige Knut Mørland.

For skytesenter stemte Senterpartiet, Framstegspartiet og uavhengige Kåre G. Knudsen.

Dette har vore ei viktig sak for Venstre i fleire år, – både å redde hestesenteret og å gi skyttarmiljøet eit langt betre tilbod enn det ville vere mogleg å skape ved Snøreismyr.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**