Leiar i Unge Venstre Anne Solsvik, peikar på kunnskap i skulen, miljø, dyrevern og rusomsorg som viktige saker for Unge Venstre i denne valkampen. Det er tydeleg at det er saker som ungodmen er opptekne av.
På mange skular var oppslutnaden både 20 og 30 % for Venstre, og det er grunn til å tru at veksten kjem frå borgarlege veljarar med klår avstand til Frp. I tillegg har Venstre truleg fått stemmer frå veljarar som er misnøgde med regjeringa sin innsats på miljøområdet.
Skulevala har tradisonelt vore ein god indikator for korleis resultatet til stortingsvalet vil verta. Resultatet frå stortingsvalget i 2005 var 5,9 % for venstre, altså ein god del høgare enn resultatet frå skulevalet same år. Det kan kanskje tyda på at partileiar Sponheim sin målsetnad om ein oppslutnad på 8 – 9 % er innan rekkevidde.