Venstre er positive til ei kommunal overtaking av Idrettshallen!

Venstre er positive til ei kommunal overtaking som kan sikre idrettens interesser gjennom representasjon, og levekår i form av stabile leigeprisar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I kommunestyremøtet, 15.10.09, fekk dei folkevalde ei sak om kommunal overtaking av idrettshallen på bordet. Prinsipielt er Venstre betenkte når det blir føreslått kommunale føretaksmodellar, men ikkje i denne saka. Ved hjelp av dette vedtaket om ein kommunal føretaksmodell, sikrar ein idrettens rett til representasjon i styret, samt får ein ei god oversikt over kostnadar knytt til drifta. Dette vurderar Venstre som viktig i denne saka.

Frå talarstolen gav underteikna særskilt merksemd til at dette vert eit tiltak som støttar oppunder dugnadsvilja i Voss Kommune. Trass i ein viss prinsipiell skepsis til at det offentlege går inn og overtar selskap, vurderar Venstre det som viktig i dette tilfellet. Voss idrettshall er bygd opp utifrå innbyggaranes dugnadsand og offentlege midlar. Venstre tykkjer difor at det i dette tilfellet blir heilt feil om private aktørar skulle kome inn å overta hallen. Det er også viktig for Venstre og støtte eit vedtak som sikrar idretten stabile leigekostnadar. Venstre meinar det blir feil å risikere å få private aktørar på eigarsida, då dette kunne ført til dyrare leigeprisar for idretten og andre lag i Voss Kommune.

For meir informasjon, eller innspel, ta gjerne kontakt!

Med liberal helsing

Knut Olav Nestås
Leiar, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**