Utan stopp stoppar toget

Skal det bli stopp for tog-stopp? spør Arne Lauvhjell, tidlegare fylkestingsmedlem og fylkesleiar for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Jernbane, tog, skinner

Foto: Microsoft

Jernbaneverket ønsker dialog med fylkeskommunar og NSB om stasjonsstrukturen i framtida, ser eg i ei pressemelding. Ja vel, då må NSB seie at viss dei mister mellomtrafikken, så vil snart trafikkgrunnlaget for mesteparten av Sørlandsbanen bli borte. Folk som skal frå Kristiansand eller Stavanger til Oslo tar like gjerne fly. Viss toget ikkje stoppar i Drangedal eller Gjerstad, ja så kjører me bil heile strekninga. Det er ikkje aktuelt å streve seg fram til Nelaug eller Bø for å sette bilen igjen der og gå på toget.

Frå Drangedal eller Gjerstad har eg siste året reist både til Oslo, Kongsberg, Arendal, Kristiansand og Stavanger. Mi erfaring er at det er ein stor del av passasjerane som reiser til og frå mellom-stasjonane.

Lengre tog gjør at 150 stasjonar må få forlenga plattform, og det har komme fram at Jernbaneverket for nesten halvparten av dei ikkje har planlagt å gjøre dette. Eg ser i ein oversikt at er tri stasjonar i Vest-Agder vil få forlenga plattforma for framtidige togstopp i 2009. Telemark og Aust-Agder må nå seie klart i frå, og bruke dei politiske kanalane som finst til å sette økonomisk press på Jernbaneverket. Og kommunane må vere vakne, her har dei felles interesser: Nome, Drangedal, Gjerstad/Risør og Vegårshei. Det hjelper ikkje stort å bygge ut plattforma i Lunde viss toget ikkje stoppar på nabo-stasjonane!

Arne Lauvhjell, Drangedal (ex Risør)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**