Ei stemme til Venstre — ei stemme til eit sterkt og levande kulturliv

Ein større og sterkare kultursektor er eit sjølvsagt mål for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Venstre vil utvikle både det frivillige og det profesjonelle kulturlivet. Eit sterkt frvillig kulturliv er ein føresetnad for eit godt demokrati og er viktig samfunnsbyggande aktivitet.

Venstre sin visjon er å kunne skape eit sosialt og liberalt samfunn som gjev folk fridom til å skape sin eigen veg til det gode liv. I dette biletet er det også særleg viktig for Venstre å legge tilhøva til rette for at barn og unge skal kunne engasjere seg i kultur og idrett.

Ei stemme til Venstre er ei stemme til eit kreativt Norge.

Venstre er kritisk til staten si detaljstyring av norsk kulturliv. Partiet ynskjer difor å arbeide aktivt for at offentleg støtte til kultur vert kanalisert på ein måte som kan bidra til å auke det lokale engasjementet og på denne måten kunne gje meir mangfald, betra kvalitet og meir fridom i kunst og kulturlivet.

For å få til dette vil Venstre sjå på alternative måtar for å auke privat finansiering av kulturlivet, m.a. gjennom skattesystemet. Dette vil også kunne påverke vårt lokale kulturliv på ein positiv måte. Venstre vil i tillegg arbeide for at også offentleg støtte til norsk kultur kan kanaliserast på ein måte som gjer kulturaktørane heilt uavhengige av politiske meiningar eller føringar.

Venstre ser på internasjonalisering av samfunnet som ein ressurs og ynskjer meir utveksling på alle områder innan kunst og kultur. Det vert såleis eit mål også å auke bruken av den kulturkompetansen som kjem til Norge gjennom innflyttarar frå andre kulturar.

Venstre meiner at å arrangere musikk og kulturfestivalar og andre større kulturarrangement vil føre til levande samfunn som gir betra grobotn for utvikling av talent og kompetanse. I Ørsta har vi dei siste åra sett ei oppblomstring av nyskapingar innan natur, blues og rockefestivalar. Ei stemme til Venstre ved stortingsvalet er også ei stemme til støtte for desse initiativa!

Ørsta Venstre
Kyrre Grimstad

(publisert i Møre-Nytt under valkampen 2009)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**