Venstre om ruspolitisk handlingsplan i bystyret

– Eg vil skryte av komiteen under leiing av Tone Helene Strat. Både komitemedlemene og administrasjonen har gjort eit solid arbeid, sa Venstres Jan Kløvstad i bystyret i kveld.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Det er tre forhold eg vil ta opp i debatten her:

1. Alkoholomsetninga.
Det er alvorleg at forbruket av øl har auka med 37% frå 2006 til 2007, og at vinforbruket har auka med heile 50% i same perioden. Det står også, på side 7, samanliknande tal frå Kristiansand, som viser at i studentbyen Kristiansand blir det drukke enda meir øl og vin. Det er visstnok lettare å tileigne seg kunnskap med alkohol innabords. Og så har vi vel gløymt Håvamål, der det står at

Betre byrdi
du ber ‘kje i bakken
enn mannavit mykje.
Med låkare niste
du legg ‘kje i veg
enn ovdrykkje med øl.

Inkje so godt
som godt dei segjer
er øl for manna-ætt.
Di meir du drikk,
di mindre vit
mun du i hausen hava.

Jaja, det var Håvamål. Det er grunn til å vere observant når det gjeld denne auken i alkoholforbruket. Vi ser også at det er mykje bråk i sentrum i helgene, men heldigvis er det lyspunkt i Politiets rapportering om vold og ordensforstyrring når vi nå har hatt ein forsøksperiode med litt kortare skjenketider i sentrum. Vi må også heile tida styrke det frivillige ungdomsarbeidet, ha tidleg inngrep frå barnevernet og andre krefter som kan hjelpe dei som får problem, – som følgje av eige eller andre sitt alkoholforbruk.

Når det gjeld narkotikabruk og det politiet kallar alvorlige narkotikaforseelser, er det verd å merke seg noen lyspunkt. Det er atskillig færre slike i Arendal nå enn det var fram til rundt årtusenskiftet. Her trur eg det er grunn til å gi honnør til Agder politidistrikt for å ha slått hardt ned på dei hardaste miljøa, og klart å svekke dei.


2. Ein stad å bu for dei som har rusproblem

Her er det vi som folkevalte som har det store ansvaret, log dei gode sjansane, til å gi dei som har rusproblem ein best mogleg plass å bu, i nabolag med folk som IKKJE har problem, i det vi oppfattar som vanlege miljø der det ikkje er for mange same stad som kan gjere det lett å falle tilbake i grøfta. Eg har møtt noen gonger i planutvalet og altfor ofte opplevd at mange naboar vil ha seg fråbeden å kunne risikere å få "sosial boligbygging" nær der dei bur. Med nye ordningar om rammeavtalar for heilt nye bustadområde kan vi lage boligmiljø med plass til alle, gamle og unge, spreke og mindre spreke, ressurssterke — og også med plass for dei som treng eit normalt og godt miljø rundt seg for å kome seg på fote igjen. Eg ber om at vi alle tenker på å gi plass til alle i kommunen vår, også nær der vi bur sjølve. Og i tillegg må vi ha ryggrad til å kunne stå mot meir eller mindre godt kamuflerte forsøk på å stenge ute folk som har vore ute ei vinternatt eller to. Dei fortener også ein trygg stad å bu.

3. Etablering av rusforebyggende senter

Det er truleg ein god tanke. Og eg reknar med det blir funne gode kontaktflater, samarbeid og ansvarsdeling med det nyoppretta kontoret for Alternativ til vold, og til krisesenteret. Eg er også glad for at Arbeidarpartiet, KrF, Venstre og Senterpartiet fekk fleirtal for å be rådmannen kome med ei utgreiing om nytt hus for krisesenteret som vi samarbeider med alle andre kommunane i fylket om.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**