Godt initiativ av Ingebjørg Godskesen

I dag var eg på julekaffe med Ingebjørg Godskesen på Framstegspartiets kontor i Arendal. Den nyvalte stortingsrepresentanten inviterte både eigne partifeller og folk frå alle andre parti

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


til ein oppsummeringsprat om første stortingshausten. Ho la fram eit fyldig notat om initiativ ho har tatt, om avstemmingar og debattar ho har vore med på, og inviterte til samarbeid og forslag.

Vi diskuterte mellom anna vidare framdrift for E18 Arendal-Tvedestrand og eg tok på meg å foreslå å invitere den nye samferdslekomiteen på Stortinget til befaring til hausten. 12. mars i fjor hadde vi ein stor aksjon langs E18 med komiteen 2005-2009, men nå er det nye folk og tid for nye initiativ.

I møtet diskuterte vi også sjukehusdebatten, der Ingebjørg Godskesen og eg er usamde i kva som er klok strategi.

I papira vi fekk utdelt stod det også at Ingebjørg Godskesen og Framstegspartiet foreslo 250 000 ekstra til Norske festivalar, mellom anna for å støtte opp om Hovefestivalen. bra!

Å invitere politiske medarbeidarar og andre parti på denne måten er klokt, og det fortener Ingebjørg Godskesen honnør for.

Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**