Årsmøte i Voss Venstre

Det vert årsmøte for Voss Venstre måndag 8. februar kl. 19.30.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I år kjem me til å halde til i Voss Interaktiv Næringsvugge AS(VIAN AS) sine lokaler på Tvildemoen(gamle NST bygget).

Saksliste vert sendt ut på mail til dei i registera våre. Send meg ein mail om du ikkje er på denne e-post lista og ynskjer å få sakslista/årsmeldinga vår tilsendt. Mailen min er: [email protected]

Voss Venstre er så heldige å få besøk av Erik Sølvberg som skal halde eit innlegg for oss om Venstres framtid. I tillegg kjem Knut Robberstad og fortel om arbeidet som VIAN gjer for småbedrifter på Voss og andre plassar.

Vel møtt!

Mvh.

Knut Olav R. Nestås
Leiar, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**