Herøy Venstre på fylkesårsmøtet

Tradisjonen tru, så var lokallaget representert på fylkesårsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Herøy Venstre var denne gongen representert av Magnar Storøy, og her kjem eit lite referat.

Trine Skei Grande, som var den tilreisande gjesten denne gongen, meinte at vi hadde potensiale til å kapre veljarar i det politiske sentrumet. No når Senterpartiet har gått saman med Arbeidarpartiet og SV, så er det mindre kamp om sentrumsveljarane. Der ligg mulegheita vår. Venstre er oppteken av skaparkrafta i enkeltmennesket. Dessutan meinte ho at venstremedlemane måtte bruke ringekampanje dei siste dagane før valet.

Leif Helge Kongshaug oppsummerte valkampen i 2009. Venstre har aldri vore så godt organisert. Partiet fall igjennom fordi det vart eit regjeringsval. Jens Stoltenberg frykta at Venstre skulle verte eit vippeparti og gjekk inn for å skade Venstre. Venstre fall mellom to stolar. Vi tapte veljarar både til Høgre og til Arbeidarpartiet.
Sentrum har dei beste løysingane, men vi slit med å få fram bodskapen vår. Møre og Romsdal må bygge organisasjonen sin. Vi må ta vare på dei nye medlemane. Vi må jobbe for det som vi trur på. Vi må ha ein tydeleg politikk.

Frøydis Austigard tala for at kommunane måtte ha frivilligheitsplanar, medan Åse Marie Longva ville ha kommunale planar mot familievald.

Unge Venstre fungerer ikkje. Dei hadde ikkje levert inn årsmelding. Aktiviteten ligg nede, og ingen av dei som har vore i ungdomspartiet siste åra var til stades. Det positive er at nye ungdomar tek over og prøver å gjennoplive MRUV. Venstrekvinnelaget hadde ikkje hatt aktivitet i år heller.

Bjørn Eeg meinte at politikarane og byråkratane i Oslo tenkjer kun på storbedrifter. Han la til, at vi må tenkje meir på SMB, og at det er i dei verdiskapinga ligg.

Rekneskapen: Fylkespartiet har uteståande fordringar i lokallaga.

Ei inntektskjelde for lokallaga er studiesirkel. Kristiansund Venstre fekk 5 000 i fjor for å ha interne kurs.

Kontingenten i lokallaga, (eigen del), varierer i mellom 25,- og 200,- kroner. Kontingenten for fylkespartiet vil frå 2011 auke frå 50,- til 75,- kroner. Medlemstalet har auka frå 580 til 610.

Val: Lokallaga hadde forslått fire forskjellige leiarkandidatar som leiar for fylkesstyret. Innstillinga var på Jens Johan Hyvik frå Volda, som vart einstemmig valt. Dei som gjekk ut av fylkesstyret var Trond Hansen Riise, Sunndal og Paula Næss Skår, Molde. I staden for dei vart Ragnhild Helseth, Kristiansund, (sekretær) og Helge Hamre,, (nestleiar), Volda, nye styremedlemar. Ingen hadde noko i mot at Volda Venstre fekk både leiaren og nestleiaren. Styret vart valt einstemmig.

Trond Hansen Riise opplyste om at MRV ikkje sender brev i posten lenger. Alt vert sendt på mail.

Jens Johan Hyvik takka for tilliten og ser fram til å styre fylkespartiet. Det nye fylkesstyret ber lokallaga sende saker til fylkesstyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**