Voss Venstre håpar vetet rår i regjeringskvartalet

Mykje har blitt sagt sidan Terje Riis Johansen skal ha gitt uttrykk for å helle mot eit ja til monstermaster i Hardanger. Forhåpentlegvis vil stadig mange engasjere seg om også regjeringa ynskjer å seie ja til dette alternativet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Venstre er det teknologioptimistiske partiet som mellom anna er opptatt av både omsyn til verdiskaping og naturvern. — Eit ja til desse mastene i Hardanger vil truge eit av verdas mest anerkjende, men naturlege fenomen; fjordlandskapet. Sånn sett er dette eit trugsmål mot både naturvernet og verdiskapinga i regionen, seier Knut Olav Nestås, leiar av Venstre på Voss.
– Når ein veit at teknologi føreligg som for det meste kan skjule denne oppgraderinga, så er det openbart at ein må nytte seg av denne teknologien.

Dei fleste reknestykke som er gjort syner at sjøkabel vil bli langt dyrare enn kraftlinjer i luftspenn. Likevel meinar Nestås at ein ikkje frå ein samfunnsøkonomisk ståstad kan godta eit slikt reknestykke.

— Ja, det blir nok dyrare med sjøkabel. Men det er vanskeleg å setje den kostnaden opp mot det tapet regionen vil ha når ein tenker korleis dette inngrepet påverkar naturen i Hardanger. Verdiskapinga i Hardanger er så godt som permanent, mens ein kostnad med sjøkabel vil svi her og no, men vere gløymd om ti år, seier Knut Olav Nestås, før han avslutningsvis legg til;
Samtidig kan dette vere ein fin måte for Noreg å syne unik kompetanse på teknologiske løysingar i krevjande terreng. Her må me sjå mogelegheiter også!

Også fylkesleiar i Hordaland Venstre og parlamentarisk leiar for Venstre på Stortinget har engasjert seg i denne saka.

– Så seint som i januar kom tre uavhengige rapportar som synte manglar i konsesjonen til Statnett. At ministeren ikkje ynskjer å undersøke dette nærare syner det totale knefallet for Statnett. Einaste håp er at Regjeringa set foten ned for ministeren, seier fylkesleiar Synnøve Handeland.

– Den planlagde linja representerar eit vesentlig inngrep i naturen og kjem i konflikt med viktige friluftslivsverdiar. Difor bør det nyttast alternativ til luftspenn der kor det kan redusere miljøbelastninga og konfliktnivået, uttalar Venstres parlamentariske leiar Trine Skei Grande.

– Det er ikkje for seint å gå inn for alternativ til luftspenn. Det er eit stort engasjement for alternativ kabling lokalt, også blant regjeringspartias eigne representantar. Eg har forventningar til at desse interessene tas vare på når regjeringa konkluderar, avsluttar Trine Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**