Earth Hour — laurdag 27. mars

Voss Venstre si oppmoding er: La forvirringa kvile ein liten time, skru av ljosa laurdag 27. mars mellom kl. 20.30 – 21.30, tenn eit levande ljos, ha godt samvit og nyt kvelden!
Kos dykk og ha ei riktig god jazzhelg!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Klimaskeptikarar, klimaekspertar og "oss andre" i Noreg har ein ting til felles: Me har hatt ein kald, men fin vinter. Ekspertane jobbar for harde livet med å finne svar på samansette spørsmål, for kor alvorleg er klimakrisa?
Ja, kva skal ein eigentleg tru på oppe i det heile? Som lokalpolitikar må eg kome med ei innrømming:
Det er ikkje eit einaste spørsmål som får meg til å føle meg så liten og bortimot ubetydeleg som klimadebatten. Ikkje eit! Ikkje ei gong eigedomsskatten, og det seier ikkje reint lite i desse dagar

Forvirringa mi er i likskap med andres sikkert bort i mot total – alt er ved det normale med andre ord.
Så reiser eit spørsmål seg; kva kan me gjere for klimaet og miljøet? "Earth Hour" er eit av mange initiativ som tar sikte på å dels fjerne den utryggleiken me har i klimaspørsmålet. Her kan alle bidra, og det er enkelt! "Earth Hour" er på inga måte ei løysing i seg sjølv, men symbolikken er kraftig. Verda rundt sløkkjer folk ljoset og gjer eit bidrag for klimaet. Dette er ei haldning me må dyrke fram dagleg, "Earth Hour" har ein klar funksjon i så måte. For uansett kva ein skulle meine om klimagassanes påverknad av atmosfæren; me blir stadig fleire på jorda og me lyt fokusere langt meir på forbruksvanane våre enn kva me gjer. Forbrukspolitikken er ein av dei viktigaste nøklane me har for ei positiv og rettferdig framtid for alle på jorda.

Voss Venstre si oppmoding er såleis ganske grei: La forvirringa kvile ein liten time, skru av ljosa laurdag 27. mars mellom kl. 20.30 – 21.30, tenn eit levande ljos, ha godt samvit og nyt kvelden!

Kos dykk og ha ei riktig god jazzhelg!

Mvh.

Knut Olav Nestås

Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**