Kjensleladd eigedomsskattdebatt også i Voss!

Lokalavisa “Hordaland” i Voss har siste vekene vore prega av oppslag om overraskande – og nokre uheldige – utslag av nyleg vedteken eigedomsskatt. Høgre og Frp profiterer på at dei stemte mot – utan å nemna at dei ikkje hadde eit truverdig budsjettalternativ utan eigedomsskatt.
I eit lesarinnlegg 30 mars. peikar så gruppeleiar for Venstre på ein del moment som bør takast med i diskusjonane om eigedomsskatten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Som ein av det store fleirtalet i Voss kommunestyre som røysta for eigedomsskatt, ser eg det ønskjeleg at ein då også tar med nokre av desse momenta i samtalen:
– Bakgrunn: Utan utviding av eigedomsskatten ville det ikkje vore råd å få til eit forsvarleg budsjett for 2010. Kommunestyret såg det då rimeleg at det skulle betalast eigedomsskatt i heile kommunen, ikkje berre i sentrumsområdet, Skulestad/Bavallen, og Palmafossen.
– Høgre og Framskrittpartiet sitt framlegg til alternativ inndekking av skatten på bustader ville medføra nedlegging av fleire skular og ei svært stor nedskjering innan pleie og omsorg. Når det galdt forventa auka skatt på næringseigedommar, hadde H og Frp. ikkje framlegg til reduksjon i skatten (!)
– Takstane for den tidlegare eigedomsskatten i sentrumsområda m.v. var gjort i 1996, og har seinare blitt auka to gongar med 10%. Verdien av eigedommane har — heldigvis — stige ein god del meir desse 14 åra. Dettte er som kjent ei hovudårsak til den sterkt auka taksten på eigedommane, og — i og med at skattepromillen er uendra for næringseigedommane — til det store hoppet i skatten. Men den nye taksten vil no bli ståande uendra i 10 år framover. Dvs. at dersom vi får ei vanleg jamn prisstiging i åra framover, vil skatten kunna få ein realnedgang.
– Men dette krev sjølvagt at kommunestyret ikkje aukar skattepromillen markert for bustader. (Skatten for næringseigedommar er no på maksimum sats, 7o/oo, men den på bustadar er 2,1o/oo.)

I drøftinga i førekant av vedtaka var i stor grad merksemda til oss politikarane retta mot utslaga for bustadeigedommane. Dvs. at vi nok ikkje gjekk grundig nok inn i konsekvensane for næringseigedommane.

Ein av veikskapane ved ordninga for eigedomsskatt er sjølvsagt at den ikkje kan knytast til inntektsnivået for eigarane, noko fleire av oss var uroa over. På den andre sida kan det vera verd å nemna at dei aller fleste fagøkonomar meiner eigedomsskatt burde innførast over heile landet, slik at skatt på arbeidsløn kan reduserast. Noverande ordning, og med frådrag for renter, gir ei uheldig vriding frå investering i næringsliv til eigedom, med tilhøyrande høge prisar på bustadar m.v..

Eg reknar med at administrasjonen no går gjennom klagene og lagar ei oversikt over dei ulike typar klager. Klagen skal så gå til ei sakkyndig nemnd for vurdering. Og jamvel om formannskapet ikkje har nokon formell plass i klageprosessen, finn eg det rimeleg at formannskapet – som utval for økonomisaker – får ei orientering og høve til drøfting av ei slik oversikt og sakkyndig si nemnd si generelle vurdering før einskildklagene blir behandla.

Og eit apropos til "Hordaland": Avisa hadde 11. mars ein kort og grei gjennomgang av nokre element i eigedomsskatten. Seinare har det blitt mange og store oppslag om einskildsaker. Kanskje kunne avisa på nytt orientera litt, og litt breiare, om hovudelementa i ordninga??

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**